El Salvador

land i Mellom-Amerika
República de El Salvador

(norsk: El Salvador, salvadoransk)

Det salvadoranske flagget Det salvadoranske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Saludemos la Patria orgullosos»
Motto Dios, Unión, Libertad (Gud, eining, fridom)
Geografisk plassering av El Salvador
Offisielle språk Spansk1
Hovudstad San Salvador
Styresett
Republikk
Nayib Bukele
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
21 041 km² (150.)
1,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
6 172 011 (108.)
293,3 /km² (29.)
Sjølvstende
Frå Spania
15. september 1821
Frå Den sentralamerikanske føderasjon 1842
Nasjonaldag 15. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
52 880 mill. USD (105.)
8 600 USD (117.)
Valuta Amerikansk dollar og colon
Tidssone UTC -6
Telefonkode +503
Toppnivådomene .sv

1 Pipil er eit indiansk språk og ein reknar med at det er mindre enn 50 personar som talar språket i dag. Språket er nesten dødt ut. Pipil vert rekna til den uto-aztekiske språkgreina.

El Salvador (spansk, tyder 'frelsaren') er ein republikk (offisielt namn: República de El Salvador) som ligg i Mellom-Amerika og grensar til Guatemala, Honduras og i Fonsecabukta mot Nicaragua. Landet er det minste i Mellom-Amerika og har til skilnad frå dei fleste andre landa her ikkje kyst mot Det karibiske havet, berre mot Stillehavet. Landet har ein folkesetnad på kring 6,9 millionar menneske og har den største folketettleiken i regionen.

Kart over El Salvador

Namn endre

Namnet El Salvador tyder 'Frelsaren', og viser til Jesus. Namnet blei gjeve av conquistadoren Pedro de Alvarado som Provincia De Nuestro Señor Jesus Cristo, El Salvador Del Mundo ('Provinsen til herren vår Jesus Kristus, Frelsaren til verda'), og etterkvart forkorta til El Salvador.[1] Landet tok namnet República de El Salvador ('Republikken til Frelsaren') då det blei til ein sjølvstendig republikk i 1823.[2]

Namnet San Salvador blei gjeve til hovudstaden for å heidra paven si avgjerd om å gjera 6. august til dagen for Den heilage frelsaren.[2]

I før-spansk tid var hovudstaden og området kjende som Cuscatlán (frå pipil-språk og tyder 'Juvellandet'). Dette namnet blir framleis noko nytta.[3]

Geografi endre

 
Goascoránelva på gresa mellom El Salvador og Honduras.

El Salvador har ei total flatevidd på 21 040 km². Landet er det minste i kontinentale Amerika. Innanfor grensene til landet finst det 320 km² vatn, og fleire små elver som renn ut i Stillehavet, mellom anna Goascorán, Jiboa, Torola, Paz og Rio Grande de San Miguel. Bare den største elva, Lempa, som renn frå Honduras og gjennom El Salvador ut i havet, er farbar for kommersielle skip. Det finst fleire innsjøar i vulkankrater, dei viktigaste er Ilopangosjøen (70 km²) og Coatepeque (26 km²). Güija (44 km²) er den største naturlege innsjøen i landet. I tillegg finst det fleire kunstige sjøar danna av demningsprosjekt.

El Salvador grensar til Guatemala og Honduras, og er det einaste mellomamerikanske landet som ikkje har kyst mot Det karibiske havet. Det høgaste punktet i landet er Cerro El Pital (2 730 meter).

Klima endre

Stillehavskysten vert gradvis varmare og fuktigare jo lenger sør ein kjem. San Salvador ligg i ei høgd på om lag 680 m, og sjølv her kjem temperaturen ofte over 30 °C i regntida, og over 34 °C i den tørre tida om vinteren. San Salvador har ein årleg nedbørsnormal på 1778 mm. Frå november til april har dei fleste områda regn mindre enn ein gong kvar andre eller tredje veke, bortsett frå kysten av Det karibiske havet.

Natur og miljø endre

 
Turkisbrynmotmot (Eumomota superciliosa) i El Salvador

Store delar av landet er dyrka mark (74,7 prosent); elles finn ein skog på 13,6 prosent av landarealet. Kysten har savannevegetasjon og mangroveskog. Fjellplatåa mellom fjellkjedene i landet har subtropisk vegetasjon, og eigner seg godt for jordbruk. I dei høgare fjellområda over 1200 meter finn ein lauvskog og grassletter.[4] Den naturlege skogvegetasjonen er lauvfellande i tørketida.[5] Tre av økonomisk tyding er mellom anna mahogni, vestindisk seder, cedrelaodorata, valnøtt og balsam.[5]

Mykje av det opphavlege dyrelivet er fortrengd av jordbruket. Ein finn nordamerikanske pattedyrtypar som halvbjørnar og kattedyr her, og søramerikanske typar som maurslukarar, beltedyr og apar.[4] Av krypdyr finst det fleire ulike artar øgler, slangar, krokodillar og skjelpadder. Fire av åtte havskjelpaddeartar i verda lever i El Salvador: Havlêrskjelpadde (Dermochelys coriacea), karett (Eretmochelys imbricata), Galapagos grøn havskjelpadde (Chelonia agasizzii) og bastardskjelpadde (Lepidochelys olivacea). Dei to førstnemnde artane er kritisk truga.

Historie endre

El Salvador før spansk herredøme endre

I nærleiken av Chalchuapa (departamento Santa Ana) i den vestlege delen av El Salvador er det funne steinskulpturar frå Olmek-kulturen, desse daterer seg til om lag 2000 år f. Kr.

I utkanten av den vesle byen Chalchuapa finn ein prov på at maya-kulturen var til stades, her finn ein pyramiden Tazumal. Liknande Maya-pyramidar finn ein også i San Andrés.

1524: Conquistadorane og erobringa av El Salvador endre

 
Illustrasjon til Cuzcatlán-krigen. Frå Lienzo de Tlaxcala frå 1500-talet.

Pedro de Alvarado (1495–1541) var den fyrste conquistadoren som nådde området som me i dag kjenner som El Salvador. Han leia ein ekspedisjonsstyrke som prøvde å ta seg inn i området frå Guatemala, men han vart møtt med kraftig motstand frå pipilfolket. To påfylgjande ekspedisjonar i 1525 og 1528 måtte til for å leggja under seg pipilfolket og dei allierte mayaspråklege stammenaboane deira.

Kolonitid endre

 
Måleri av erklæringa av sjølvstende i San Salvador. I midten er José Matías Delgado avbilda.

Det fyrste initiativet til frigjeringa av El Salvador frå Spania kom i 1811. Ropet om sjølvstende kom frå kreoleliten. Mange intellektuelle og handelsmenn hadde gått lei av den overstyrande kontrollen som Spania framleis hadde over koloniane, og dei var svært interessert i å utvida eksportmarknaden til England og USA. Urfolkesetnaden sitt opprør mot spansk herredøme var sterk på denne tida, og dei vart tolka av dei republikanske fraksjonane som å tena deira interesser og syna at det var eit folkekrav at El Salvador kunne bli republikk. Det voks fram ei rørsle blant kreolane (spansk criollo) og mestizane (spansk mestizo). Folkekravet i sjølvstendeerklæringa 1811 feila då viseguvernøren av Guatemala sendte troppar til San Salvador for å slå ned rørsla. Men folkekravet døydde ikkje og fleira av menneska bak 1811-rørsla var del av 1821-rørsla.

El Salvador var fram til 1821 spansk koloni, før dei og resten av Den sentralamerikanske føderasjonen frigjorde seg frå spansk styre den 15. september d.å. Den sentralamerikanske føderasjonen vart stifta i 1823 av El Salvador, Guatemala, Honduras, Nicaragua og Costa Rica. I 1842 var det slutt med føderasjonen og El Salvador blei ein sjølvstendig stat.

1932 «La Matanza» endre

Den 2. desember 1931 vart president Arturo Araujo kasta frå makta i eit militærkupp leia av general Maximiliano Hernandez Martinez.

1969 Krigen med Honduras endre

I 1969 utkjempa Honduras og El Salvador den såkalla Fotballkrigen.[6] Krigen braut ut under ein VM-kvalifiseringskamp mellom dei to landa, etter aukande spenning mellom dei. Han vara berre nokre dagar, og blir også kalla 100-timarskrigen.

Borgarkrig 1980-1992 endre

I 1992 blei ein 12 år lang borgarkrig mellom regjeringa og opprørarar avslutta. Krigen hadde då kosta 75 000 menneske livet.

Politikk endre

Administrative politiske einingar endre

El Salvador er delt inn i 14 departement (sp. departamento). Mange av dei tidlege statsmennene i El Salvador var av fransk opphav, til dømes statsmennene Francisco Morazán Quesada (1792 - 1842) og Gerardo Barrios (1813 - 1865). Inndelinga i departement har opphav i fransk statstradisjon.

 
  1. Ahuachapán
  2. Cabañas (sp. 'små hytter')
  3. Chalatenango
  4. Cuscatlán
  5. La Libertad (sp. 'fridomen')
  6. La Paz (sp. 'freden')
  7. La Unión (sp. 'unionen')
  8. Morazán (oppkalla etter Francisco Morazán Quesada (1792 - 1842))
  9. San Miguel
  10. San Salvador
  11. San Vicente
  12. Santa Ana
  13. Sonsonate
  14. Usulután

Kjelder endre

  1. El Salvador: The People and Culture, by Greg Nickles, s.6
  2. 2,0 2,1 Buvollen, Hans Petter; Ekern, Stener (4. juni 2019). «El Salvador». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. «El Salvador | History, Geography, & Culture», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 31. august 2019 
  4. 4,0 4,1 Buvollen, Hans Petter; Ekern, Stener (4. juni 2019). «El Salvador». Store norske leksikon (på norsk). 
  5. 5,0 5,1 «Planteliv i El Salvador». Store norske leksikon (på norsk). 29. september 2014. 
  6. «Honduras profile» (på engelsk). 16. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: El Salvador

Bøker endre

Borgarkrigen 1980-1992
  • Stensrud, Lise (1982). El Salvador - "Frelserens land". Cappelen Forlag. ISBN 82-02-09042-3. Språk: Norsk (bokmål)
Mot demokrati - etter 1992
  • Williams, Phillip J. og Walter, Knut (1997). Militarization and Demilitarization in El Salvador's Transition to Democracy. University of Pittsburgh Press. ISBN 0-8229-5646-2
Naturhistorie
  • Dickey, Donald R. og Rossen, A. J. van (1938). The birds of El Salvador. I serien: Field Museum of Natural History. Zoological series ; vol. 23(1938) Field Museum of Natural History. Språk: Engelsk.
  • Mertens, Robert og Zilch, A. (1952). Die Amphibien und reptilien von El Salvador, auf Grund der reisen / von R. Mertens, A. Zilch. I serien: Abhandlungen der Senckenbergischen Naturforschenden Gesellschaft ; 487. Trykt: Frankfurt am Main : W. Kramer, 1952. Språk: Tysk.

Artiklar endre

Eldre historie
  • Roach, Mary (1997). "New World Pompeii". Trykt i tidsskriftet: DISCOVER Vol. 18 No. 02 i 1997. Språk: Engelsk. Kommentar: Artikkelen handlar om utgravinga ved Joya de Cerén. Staden er kjent som Latin-amerikas Pompeii. Det unike med staden er at den dokumenterer dagleglivet i ein Maya-landsby. Landsbyen vart dekkja av vulkansk lava og oske ved eit utbrot for 1400 år sidan.
Naturhistorie
  • Gomez-Beloz, Alfredo et. al. (2003). «Double incision wound healing bioassay using Hamelia patens from El Salvador». Trykt i tidsskriftet Journal of Ethnopharmacology 88. s. 169 - 173. Språk: Engelsk.
Samtidshistorie
  • Landolt, Patricia et. al. (1999). «From Hermano Lejano to Hermano Mayor: the dialectics of Salvadoran transnationalism». Trykt i tidsskriftet Ethnic and Racial Studies Volume 22 Number 2. mars 1999. s. 290 - s. 315. Språk: Engelsk.