Elastisitet er ein fysisk eigenskap ved ein lekam som gjer at han vert deformert (endrar form eller storleik) under påverknad av ytre krefter, men går attende til den opphavlege forma si når dei ytre kreftene fjernast.

Eigenskapen vert mykje omtalt i fastleikslære under klassisk mekanikk. Ein skil vanlegvis mellom lineær elastisitet og ikkje-lineær elastisitet. Ved lineær elastisitet gjeld Hooke-lova som seier at når tøyinga er veldig liten vil han vere nærast proporsjonal med spenninga. Youngs modul vert nytta til å finne forholdet mellom spenning i massen på grunn av ytre krefter og tøying eller kompresjon i masseblokka.

Kjelder endre