Elektrisk impedans

Elektrisk impedans er definert som tilhøvet[1]

Impedans i det komplekse planet.
,

der V er elektrisk spenning og I er elektrisk straum. Impedans kjem frå lat. impedire (hindra, gjera motstand) og er ei generalisering av motstand. Omgrepet vart innført av Oliver Heaviside i 1886[treng kjelde]. Impedans har einig V/A, som har fått namnet Ohm og symbolet Ω.

Impedans er ein kompleks storleik og kan på rektangulær form uttrykkast

,

der realverdien er elektrisk motstand, og er talverdien til den elektriske reaktansen. På polar form kan impedansen uttrykkast som

,

der

er talverdien og

,

er vinkelen mellom spenning og straum. Reaktansen kan vera positiv eller negativ.

Impedansen til ein ideell spole

,

der er vinkelfrekvensen og L er induktansen til spolen, er ein impedans der realdelen (motstanden) er null og reaktans er positiv. For ei sinusforma spenning betyr dette at spenninga ligg (ei kvart bølgjelengd) før straumen. Impedansen til ein ideell kondensator

,

der C er kapasitansen til kondensatoren. I dette tilfellet er reaktansen negativ. Det betyr at spenninga ligg etter straumen.

  1. S. Franco, Electric circuits fundamentals, Saunders College Publishing, 1995.