Elektrolyse

teknikk i kjemi

Elektrolyse er ein metode for å skilje molekyl eller gjere om salt til grunnstoffa dei består av, ved å sende elektrisk straum gjennom dei ved hjelp av to elektrodar; éin negativt ladd, katode, og éin positiv ladd, anode.

Elektrodane tiltrekkjer iona med motsett ladning. Derfor går dei positivt ladde iona til katoden, og dei negativt ladde iona går mot anoden. Ved anoden gjev iona frå seg eit eller fleire elektron, og ved katoden tek dei til seg eit eller fleire elektron.

For at ei elektrolyse skal gjennomførast, må stoffet ein skal bruke anten vere løyst i eit passande løysemiddel eller smelta slik at dei forskjellige iona ikkje lengre er bundne til kvarandre.

Bruksområde endre

Elektrolyse kan brukast for eksempel til å forgylle, forsølve eller fornikle gjenstandar, og blir òg brukt i industrien til å framstille aluminium og litium. Når ein legg sinkjarn (som på bylgjeblekk eller spikar) kallar ein gjerne prosessen for galvanisering.

Aluminium blir framstilt i ein elektrolyse ved hjelp av mineralet bauxitt.

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.