Eit elektron er ein negativt ladd elementærpartikkel som krinsar rundt kjernen i eit atom. Elektronet høyrer til leptona.

Modell av oksygenatom med elektron i skall rundt kjernen.

Elektron vert stundom kalla eit negatron for å understreke at det er snakk om den negative partikkelen og ikkje det positivt ladde elektronet, positronet. Stundom nyttar ein òg nemningane negaton og positon.

Historie endre

Ordet elektron vart oppfunne av Georg Johnstone Stoney for å beskrive den minste eininga for elektrisk ladning. Elektronet vart påvist av J.J. Thomson i 1897.

Eigenskapar endre

Når det er like mange elektron som proton i atomet er atomet elektrisk nøytralt. Når det ulikt tal elektron og proton i atomet er atomet eit ion.

Elektronets ladning er: -1,602177 × 10-19 C. Det er same ladning som eit proton har, men med motsett fortegn. Elektronets masse er: 9,1093897 × 10-31 kg. Det er om lag 11836 av massen til eit proton. Elektronet har spinn ½ og er dermed eit fermion.


Som dei andre kjende elementærpartiklane har elektronet ei rak motsetning, positronet, som har motsett ladning av elektronet og består av antimaterie. Viss eit elektron og eit positron kjem i kontakt med kvarandre, vil dei oppheve kvarandre i eit kraftig glimt av gammastråling der to foton med energi 511 keV fyk i kvar si retning. Eit elektron i fart har eit sirkelrundt magnetfelt rundt seg i eit plan på tvers av retninga.

  Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.