Elfrida Andrée (19. februar 184111. januar 1929) var ein svensk komponist, dirigent og musikar som var den fyrste kvinnelege domkyrkjeorganisten og den fyrste kvinnelege telegrafisten i Sverige.

Elfrida Andrée

Xylografi i Idun frå 1891.
Fødd19. februar 1841
FødestadVisby domkyrkoförsamling
Død11. januar 1929 (87 år)
DødsstadVasa församling
OpphavSverige
Sjangeropera, organ repertoire
InstrumentOrgel, piano, harpe
Verka somdirigent, komponist, organist, kvinnesaksforkjemper
FarAndreas Andrée
PrisarIdunprize

Elfrida Andrée blir ofte nemnd som ein kvinneleg pioner. Ho medverka til to lovendringar som gjorde det mogleg for kvinner til å ha organiststillingar og å arbeida som telegrafistar.[1] Andrée blir òg rekna for å vera ein banbrytande komponist og orkesterdirigent som etter motgang på grunn av kjønnet sitt bygde opp ei musikalsk verksemd og repertoar. Ho komponerte eit av dei første verka sine ved 24 års alder, ein pianokvintett i e-moll, som «placerade henne i den svenska tonsättareliten».[2]

I 1879 blei ho medlem i Kungliga Musikaliska Akademien og vald inn i Föreningen Svenska Tonsättare i 1921.[3][4] Systera til Elfrida Andrée, Fredrika Stenhammar (tidlegare Andrée), og systerdottera Elsa Stenhammar var òg framståande musikarar.[5][6]

Liv endre

Barndom endre

Elfrida Andrée var fødd i Visby i 1841 som det andre av dei tre barna til legen Andreas Andrée (1802-1877) og prestedottera Lovisa Lyth (1810-1861). Mora kom frå ei velberga og innverknadsrik presteslekt på Fårö og faren busette seg i Visby i 1832 der han arbeidde som provinslege. To år seinare gifte paret seg, og i 1836 fekk dei sitt fyrste barn, Fredrika Stenhammar (1836-1880). Elfrida Andrée blei fødd på familien sin dåverande bustad ved S:t Larsgränd 1 der syskena voks opp i eit borgarleg miljø. Barndomsheimen, seinare det Cramérska huset, er òg kjend som det eldste bebudde huset i Sverige med røter frå 1200-talet. Familien budde ein kortare periode på garden Tors i Bru sokn, men flytta attende til Visby då det yngste barnet, Tor Andrée (1849-1901), blei fødd.

 
Elfrida Andrée. Foto med notatet: "Det yngsta porträtt som finns. Det togs av min far utan att jag visste om det"[7]

Andreas Andrée var involvert i det musikalske selskapet i Visby som hadde ei stordomsstid som fall saman med oppveksten til døtrene og musikkundervisinga deira. Andrée-salongen var eit sentralt punkt i kultur- og musikklivet i byen. Faren underviste Elfrida Andrée i harmonilære, generalbass, song og piano. Ho lærte seg òg å spela harpe. I 1847 blei Wilhelm Söhrling musikkdirektør for Det musikalske selskapet og tenestegjorde som domkyrkjeorganist i Visby. Söhrling underviste Elfrida Andrée i harmonilære, piano og orgel. Ho var engasjert i musikklivet i Visby, og opptredde som pianist og songar i samband med Musikalske selskapet sine tilstellingar og uformelle musikalske salongar.[8]

Organist endre

Elfrida Andrée var 14 år gammal då ho forlet Visby og kom til Stockholm i 1855. Fredrika Stenhammar hadde etter nokre år med studiar ved Mendelssohns musikkonservatorium i Leipzig blitt tilsett som songar ved det kongelege teateret og seinare operaen. Systrene fekk dermed eit stort kontaktnett i dei musikalske krinsane og salongane i Stockholm. Privat studerte Elfrida Andrée song hjå Julius Günther og tok timar i piano hjå Johan Van Boom. Det første steget mot ein organisteksamen tok ho i 1857, då ho tok timar i orgel to gongar i veka hjå Gustaf Mankell i Jacobs kyrkje.[9] Som fyrste kvinne i Sverige tok Andrée organisteksamenen som privatist i Stockholm same året, ettersom utdanninga på dette tidspunktet ikkje var open for kvinner.[8][10] Ho arbeidde òg for lovendringa som seinare skulle koma til å gjera det mogleg for kvinner til å ha og søkja på organiststillingar. Kort tid etter eksaminasjonen sende Elfrida Andrée, med støtte frå faren Andreas Andrée, ein førespurnad til kongen om retten til å søkja organiststillingar.

Spørsmålet møtte motstand, og blei avslått av den dåverande erkebiskopen Henrik Reuterdahl. I 1858 tok Elfrida Andrée ein klasse i solosong ved Kungliga Musikaliska Akademien og blei tilsett som akkompagnatør til Julius Günther. Privat studerte ho også komposisjon med Ludvig Norman og seinare med den danske komponisten Nils W. Gade. Songklassene til akademiet blei opna for kvinner i 1854, og deretter fann det stad ei rad opningar i andre utdanningar. I 1858 blei Heddie Hammarskiöld teken opp som første kvinne til orgelklassa ved akademiet.. Rettane til kvinner blei debatterte mykje i riksdagen, og det blei kjempa for yrkeshøva til kvinner.[11] Lovendringar som gav kvinner rett til å søkja organistsstillingar blei verksam i 1861, og to månader seinare fekk Elfrida Andrée stillinga som organist i Finska församlingen i Stockholm.[12][8] Lovbrigdet bidrog òg til at fleire kvinner tok ut ein organisteksamen ved Kongelege Musikalske Akademiet.[13] I åra 1861–1867 var Elfrida Andrée tilsett som organist i Finska församlingen og i Den franske reformerte kyrkja i Stockholm. I 1867 fekk ho stillinga som domkyrkjeorganist i Gøteborg domkyrkje.[14]

Telegrafist endre

Elfrida Andrée blei den fyrste kvinnelege telegrafisten i Sverige då også dette yrket blei opna for kvinner, etter å tidlegare ha vore lukka. Faren hennar, Andreas Andrée, skreiv til kongen i 1860 med spørsmål om det var mogleg for dottera å bli tilsett ved ein telegrafstasjon. Han meinte at Elfrida Andrée hadde dei nødvendige kunnskapane og at ho ikkje ville ha noka løn. Den 15 oktober 1860 kommuniserte kongen eit avslag via telegrafstyret. Det blei sett på som upassande for «den bildade unga qvinnan att ägna sig åt sådant arbete, där telegrafmannen nödgas åtföljd af arbetsmanskap till fots i hvad väder som helst, ofta i djup snö, miltals färdas utåt linien och från höjden af en 8 á 10 alnars stege undersöka ledningstrådarnas isolering och så vidare. Helst utlandets förtroende till oss i detta avseende möjligen kunde derigenom minskas.» Telegrafstyret meinte òg at det ikkje var passande for ei ung kvinne å arbeida blant så mange menn.

Elfrida Andrée gav seg ikkje og skreiv i 1862 på nytt til kongen. Ho framheva då at ho ville opna opp for ein ny, nyttig og respektable yrkesbane for kvinner i Sverige. Dette gav henne nok eit avslag. 2. mai 1864 utforma telegrafstyret likevel generelle reglar for tilsetting av kvinner, og same året kom det første kurset for kvinnelege telegrafistar med 23 elevar. Ein av desse var Elfrida Andrée. Etter fem års politisk kamp blei lovverket endra og i 1865 fekk Andrée, som første kvinne, løyve til å søkja tilsetting som telegrafist. Ho arbeidde for Telegrafverket til 1867, då ho blei tilsett som den fyrste kvinnelege domkyrkjeorganisten i Sverige.[15]

 
Elfrida Andrée ved orgelet i Gøteborgs domkyrkje. Foto i Hvar 8 dag 1904.

Åra i Gøteborg endre

Elfrida Andrée søkte teneste som domkyrkjeorganist i Gøteborg i konkurranse med sju andre, alle menn, og blei einstemmig vald som etterfølgjar til Henric Seldener.[16] Etter henne gjekk det 120 år til neste kvinne tiltredde som domkyrkjeorganist i Sverige.[17] Arbeidsoppdraga bestod framfor alt i å spela under sundagsgudstenestene og å underhalda med kyrkjeorgelet. I 1908 blei ho òg kantor, ei teneste som seinare blei overteken av systerdottera Elsa Stenhammar; fram til 1905 var det forbode for kvinner å leia kyrkjekoret. Elfrida Andrée var ikkje berre verksam som kyrkjemusikar men verka òg som kammermusikar, leia orkester- og koraktivitet, dreiv musikkundervising og komponerte.[18]

I Gøteborg arrangerte Elfrida Andrée cirka 800 folkekonsertar der ho sjølv dirigerte og gav orgelkonsertar.[8] Folkekonsertane var arrangerte av Gøteborgs arbetarinstitutt, og dei fyrste blei oppførte i 1895 under leing av Karl Valentin. Elfrida Andrée, med støtte frå Elsa Stenhammar, tok over ansvaret som musikalsk leiar 1897.

Folkekonsertane trekte seg til arbeidarklassa og billettane var subsidierte. Repertoaren hadde eit folkeopplysings-formål, og det blei mellom anna framført nordisk musikk og verk av komponistar som Händel og Bach.

Folkekonsertane bidrog til at Elfrida Andrée si stilling i musikk- og kulturlivet i Gøteborg blei befesta, og ho fekk høve til å fastsetja programma for konsertane sine sjølv. Den 11. februar 1905 blei konserthuset på Heden innvigd på same tid som ein feira 10-årsjubileet til folkekonsertane og heldt den 200. folkekonserten. Elfrida Andrée dirigerte og programmet bestod av hennar eigne komposisjonar, mellom dei Snøfred med tekst av Viktor Rydberg.[19]

Elfrida Andrée var formelt domkyrkjeorganist i Gøteborg fram til ho døydde, men stoppa arbiedet av helsegrunnar i 1921.[20] Ho er gravlagd på Norra gravleggingsplassen i Stockholm i ei familiegrav der også systera hennar og systerdottera, operasongaren Fredrika Stenhammar og kyrkjemusikaren Elsa Stenhammar, er gravlagde.[21]

 
Pianokvintett i e-moll. Publisert av Musikaliska konstföreningen i 1865.
 
Orgelstemmar i autograf av Elfrida Andrée. Orgelsymfoni nr 2 i Ess-dur for orgel og messinginstrument.

Komponist endre

Som komponist hadde Andrée nokre suksessar, men måtte også sjå seg forbigått fleire gonger på grunn av kjønnet sitt. Mange av verka hennar blei aldri framførte, eller berre framførte nokre få gonger i løpet av levetida hennar.[22] Frå 1990-talet byrja ein fatta meir interese for musikken til Andrée, og verka hennar er blitt oppførte ved orkester- og kammermusikkkonsertar og dessutan i radio og i kyrkja.[23] Kammermusikkverka – mellom anna to pianotrioar og ein pianokvintett – blir rekna som det mest fullkomne i produksjonen hennar. Ho skreiv òg to symfoniar for orkester, to orgelsymfoniar, to messer, kantatar, orgel- og pianomusikk med meir.[24]

Det største verk til Andrée var operaen Fritiofs eventyr med libretto av Selma Lagerlöf etter diktverket til Esaias Tegnér. Heile operaen har aldri blitt formelt oppsett, men det blei oppført eit utdrag konsertant av Wermland Opera i Karlstad 2013 og heile operaen blei oppført konsertant for første gong av Göteborgsoperan i 2019.[25][26] Andrée laga ein orkestersuite av musikken til operaen med namnet Fritiof-suite.[27]

Ettermæle endre

Sporvogntype M31 i Gøteborg nummer 380 har fått namnet Elfrida Andrée.[28] Det er òg kalla opp ei gate, Elfrida Andrées gate, etter henne i Gøteborg.[29] I Visby fanst tidlegare Elfrida Andréegymnasiet som i 2014 blei slått smaan med to andre gymnasskular til Wisbygymnasiet.[30]

 
Elfrida Andrée. Foto i Veckojournalen 1916.

Verk endre

Musikk for scenen endre

  • Fritiofs saga, opera med libretto av Selma Lagerlöf efter Esaias Tegnér sitt diktverk (1894-95)
  • Vårqvällstämning, melodrama for resitasjon og orkester (1873)
  • Saul och David, melodrama for resitatør og harpe eller piano til tekst av Gustaf Fröding (1912)

Orkesterverk endre

  • Presto i c-moll (1859)
  • Ouverture i g-moll (1864)
  • Symfoni nr 1 i C-dur (1868)
  • Konsertovertyre i D-dur (1873)
  • Varför och därför, orkestersats i f-moll, symfonisk dikt (1874)
    • Versjon for orgel i e-moll
  • Forspel til Snöfrid, ballade for solist, kor og orkester i g-moll (1876)
  • Andante quasi recitativo for strykeorkester (1877)
  • Scherzo i g-moll (1878?)
  • Symfoni nr 2 i a-moll (1879)
  • Orgelsymfoni nr 1 i h-moll (1891)
  • Orgelsymfoni nr 2 i Ess-dur for orgel og messinginstrument. Omarbeiding av fiolinsonate nr. 2 (1892)
  • Intermezzo i F-dur (1892)
  • Sommarminnen från Bjurslätt for strykeorkester eller strykekvintett (omarbeidd versjon av strykekvartetten i d-moll) (1903)
  • Glömska i F-dur for strykeorkester og harpe (1905)
  • Fritiof-svit, utdrag frå operaen Fritiofs saga for symfoniorkester (1909)
  • Menuett i f-moll
  • Pastorale i A-dur
  • Polonese i g-moll
  • Svenska folkmelodier behandlade för stränginstrument för strykeorkester og harpe eller piano ad lib
  • Symfonisats i f-moll (Allegro molto)
  • Tempo do Marche funebre i c-moll
  • Overtyre i d-moll

Kammermusikk endre

  • Pianotrio nr 1 i c-moll (1860)
  • Strykekvartett i A-dur (1861)
  • Pianokvartett i a-moll (1865)
  • Pianokvintett i e-moll (1865)
  • Tre romanser for fiolin og piano (1871)
  • Fiolinsonate i Ess-dur (1872)
  • Fiolinsonat ei B-dur (1872–76)
  • Pianotrio i g-moll (1883–84)
  • Två romanser for fiolin og piano (1884)
  • Strykekvartett i d-moll (1887)
  • Andante cantabile for cello og orgel eller piano (1900)

Pianoverk endre

  • Pianosonate i A-dur, op. 3 (1870, trykka 1873 i Köpenhamn av Wilhelm Hansen)
    • 1. Allegretto ma non tropo (i handskrifta: Allegro moderato)
    • 2. Allegro ma non tropo (i handskrifta: Andante)
    • 3. Allegretto scherzando (i handskrifta: Allegretto)
  • Tonbilder, op. 4 (1872, trykka 1874 i København av Wilhelm Hansen)
    1. ”På vattnet”
    2. ”Barnmenuett”
    3. ”Om kvällen”
  • Moster Fridas föreställning om små barnens Julafton 1876 (ofullbordad)
  • Fem smärre tonbilder i sammanhang, op. 7 (1880, trykka 1880 i Stockholm av Huss & Beer)
    • 1. Largetto
    • 2. Andante
    • 3. Allegro moderato
    • 4. Andante
    • 5. Lento
  • Dikter för piano om Vemodet (1881)
    • 1. Andantino i ciss-moll (morgonen den 13 juli efter Mias bröllop)
    • 2. Allegretto i ciss-moll (trykka 1892 i Stockholm av Gehrman & Co med tittelen Meditation.)
    • 3. Andante Cantabile i E-dur
    • 4. Tempo rubato/Maëstoso i ciss-moll
  • Tandvärks-fugetta i ciss-moll (1881, tileigna Doktor Schulzberg den 6. juli 1881)
  • Julstämning i F-dur (1891, trykka 1891 i Iduns julenummer)
  • Caprice i F-dur
  • Förspel til Snøfred i arrangement for 2 piano (1876)

Orgelverk endre

  • Vredens dag, koral i c-moll (1890)
  • Orgelsymfoni i h-moll (1891)
  • Preludium (sørgeforspel) i f-moll (1903)
  • Cantilena i G-dur
  • Fuga i f-moll
  • Förspel i c-moll
  • Förspel i G-dur
  • Andantino i e-moll (arrangement av Symfoni i a-moll, sats 2)
  • Fuga con spirito i Ess-dur
  • Koral med 3 variationer i d-moll (eventuelt frå psalm 76 eller 89 frå Den svenska psalmboken 1819)
  • Små koralforspel og preludium for orgel (første heftet, til frøken Alice Brattberg)
  • Preludium (konsept)
    • 1. Allt är redo, fallna släkte (salme 164 frå Den svenska psalmboken 1819)
    • 2. Nu kommen är vår påskafröjd (salme 104 frå Den svenska psalmboken 1819)
    • 3. Dig, ljusets Fader, vare pris (salme 140 frå Den svenska psalmboken 1819)
    • 4. Jag lyfter mina händer (salme 33 frå Den svenska psalmboken 1819) (2 augusti 1907)
  • 4 orgelkomposisjonar (januar 1893, står antecknat på noten att den tillhör Alice Brattberg, Christine kyrka)
    • 1. Så är fullkomnat, Jesus kär (salme 99 frå Den svenska psalmboken 1819)
    • 2. Höga majestät, vi alla (salme 3 frå Den svenska psalmboken 1819)
    • 3. Andante i G-dur
    • 4. Larghetto i c-moll
  • Introduction. Improvisation on a psalmmelody (preludium spelat av Elfirda Andrée till invigningen av Falkenbergs kyrka)
  • Orgelförspel till Jesus, du mitt liv, min hälsa (salme 76 frå Den svenska psalmboken 1819)
  • Orgelförspel till Nu kommen är vår påskafröjd (salme 104 frå Den svenska psalmboken 1819)
  • Orgelförspel till Huru länge skall mitt hjärta (salme 45 frå Den svenska psalmboken 1819)
  • Orgelförspel till Jag lyfter mina händer (salme 33 frå Den svenska psalmboken 1819)
  • Preludium
    • 1. A-moll
    • 2. Är jag allen en främling här på jorden i d-moll (salme 178 frå Den svenska psalmboken 1819)
    • 3. Vi kristna bör tro och besinna (ufullstendig, salme 298 frå Den svenska psalmboken 1819)
  • 12 små preludium
  • 14 mindre komposisjonar (1860-1861, Gammalt sedan Reformerta kyrkan)
  • Sorgförspel i f-moll (1903)
  • Larghetto i e-moll
  • Melody in ciss moll
  • Sorgmarsch i f-moll
  • Trio i e-moll
  • Ditt ord, o Jesu bliva må, koralforspel til svensk salme 131:4
  • Jesu, du mitt liv, min hälsa, koralforspel til svensk salme 138
  • Guds rena Lamm, oskyldig, koralforspel til svensk salme 143
  • När världens hopp förtvinat stod, koralforspel til svensk salme 347
  • Salig, salig, koralforspel til svensk salme 349
  • Av himlens här den högstes makt, koralforspel til svensk salme 403
  • Koralförspel nr 15 (ev. til svensk salme 441)
  • Så är fullkomnat, Jesu kär, koralforspel til svensk salme 458

Transkripsjonar for orgel endre

  • Consolation nr 4 og Il pensiero af Liszt arrangerte for orgel
  • Chaos, Introduction to the Creation av Joseph Haydn. Framført på kyrkjemøtet i Gøteborg i 1892 av Elsa Stenhammar.

Korverk endre

A cappella endre

  • Dofta, dofta blomma min, kvartett for kvinnerøyster (april 1871, oppført i Gøteborg domkyrkje 26. april 1871)
  • Vaknen for blandakor a cappella til tekst av Viktor Rydberg (1876)
  • O skräm ej barnens hjärtan, kvartett med sopransolo for jenterøyster (1879)
  • Tre bröllopssånger for blandakor (1879–81)
    1. ”I hjertevåren” til tekst av Hans Hedlund
    2. ”Och kärleksdager”, vekselsong mellom sopran og tenor til tekst av Hans Hedlund
    3. ”Säg hafven I nattetid hört ibland”
  • Ur "Drömlif" av Viktor Rydberg, tre songar for dobbelkvartett eller lite blandakor, mannskor eller damekor a cappella (1882)
    1. ”Då vi vandra vid bäckarnes skuggande lopp”
    2. ”Se hur ängarne klädas i svallande flor”
    3. ”Ty de hviska”
  • Bröllopshymn for damekor a cappella (1907)
  • Majblomma lilla for damekor a cappella (1907)
  • Blommorna for blandakor til tekst av Carl Wilhelm Böttiger
  • Dalvisa i d-moll, arrangement for altsolo og blandakor
  • En ängel genom rummet går for damekor a cappella
    • Version for baryton og mannskor
  • Glömska för sopran, alt og damekor
    • Version för tenor solo og mannskor
  • Lika for dame- eller mannskor a cappella
  • Två andliga sånger for mannskor a cappella
    1. ”Davids psalm 130 och Svensk psalm 33
    2. ”Davids psalm 20, vers 7”

Med akkompagnement endre

  • Kung Oskars Minne for blandakor med piano (1859)
  • Der Morgenstern (Morgonstjärnan) for blandakor og orkester til tekst av Karl Theodor Körner (1871)
    • Versjon for blandakor og piano (1871)
  • Dagsländor for damekor med piano (1873)
  • Snöfrid, ballad for blandakor, solistar og piano til tekst av Viktor Rydberg (1876)
  • Svensk mässa nr 1 for mezzosopran, tenor, blandakor, harpe og orgel (1902)
    • Versjon for mezzosopran, tenor, blandakor, harpe, orgel og strykeorkester (1902)
  • Svensk mässa nr 2 for solistar, blandakor, to barnekor, orgel og piano (1903)
    • Version for solistar, blandakor, to barnekor, orgel og orkester (1903)
  • Höga tanke, for damkör med orgel eller piano, svensk salme med tekst av Johan Olof Wallin (1905)
  • Sång vid invigningen av Götabergs folkskolehus för blandakor, barnekor, tenorsolo, piano, orgel og strykeorkester (1906)
  • Ära for blandakor og orgel (1907)
  • Davids 20 Psalm vid Roskildefredens åminnelsgudstjänst i Domkyrkan for solorøyster, blandakor og orgel (1908)
  • Kantat vid invigningen av Arbetareföreningens nya hus 1909 för blandakor, damkör, barnekor, solistar og piano til tekst av Henrik Hedlund (1909)
    • Version for damkör, solo och orkester (1909)
  • Fritiofs färd på havet frå Fritiof-suite for unisont damekor og orkester (1909)
  • Kantat. Davids psalm 56 for damekor, solistar og piano eller orkester til tekst frå Psaltaren (1910)
  • Kantat vid internationella kvinnliga rösträttskongressen i Stockholm 1911 for sopran, mezzosopran, damekor og piano eller orkester (1911)
  • Herre, förbarma dig for blandakor og orgel
  • Serenad för Mans-Chor for mannskor med solo for tenor og sopran og piano

Solosongar endre

  • Kom Guds ande och mitt hjerta lär att fatta, resitativ og arie for sopran til tekst av Andreas Andrée (1869)
  • I templet, kyrkjearie for mezzosopran og orgel eller piano til tekst av Andreas Andrée (1871)
  • Minnen for røyst og piano (1871)
  • Till månen for røyst og piano til tekst av Andreas Andrée (1871)
  • Söstersprogene, duett for sopran og mezzosopran (eller tenor og baryton) och piano til tekst av Pauline Worm (1873)
  • Vårmorgonen for røyst og piano (1874)
  • Skogsrået for røyst og orkester eller piano til tekst av Viktor Rydberg (1878)
  • Mitt fasta hopp, kyrkoaria for røyst og orgel eller piano (1879)
  • Lotusblomma och Svan or røyst og piano (1879)
  • Här hon stod, den englalika, resitativ og arie for tenor og piano eller orkester (1881)
  • Begravningsmässa då altartjänst hålles, för präst, församling, kör och orgel
  • Diverse barnkompositioner
    • Andantino: "Wohl lag ich"
    • Cavantina: ”Qvartett för Chör med acc af Orgel eller Pianoforte”
    • Ave Maria
    • Sopran Qvartett: "Jag flyr till Dig"
    • Waggsång: "Tyst han sofver"
  • Du irrande bölja för röst och piano
  • Fru Inger sitter vid Östråt gård ..., försök till nidvisa
  • Polska för röst och piano
  • Svanen för sopran och violin med piano (eller harpa) till text av Carl Wilhelm Böttiger
  • Till näktergalen för röst och piano till text av Andreas Andrée
  • Tre sånger för röst och stråkorkester eller piano
    • En vacker höstdag
    • Öfver hafvet sjunker en stjärna till text av Vilhelm Ekelund (1908)
    • Im dunklen Wald, im Sonnenschein
  • Tre sånger med piano, op. 8
    1. ”En vacker höstdag” till text av Sven Adolf Hedlund
    2. ”Vi ses igen” till text av Viktor Rydberg
    3. ”Visa en vårmorgon” till text av Johan Ludvig Runeberg
  • Vid månsken för röst och piano till text av Andreas Andrée

Verk etter opusnummer endre

  • Pianosonat i A-dur, op. 3 (1870, tryckt 1873 i Köpenhamn av Wilhelm Hansen)
    • 1. Allegretto ma non tropo (i handskriften: Allegro moderato)
    • 2. Allegro ma non tropo (i handskriften: Andante)
    • 3. Allegretto scherzando (i handskriften: Allegretto)
  • Tonbilder, op. 4 (1872, trycka 1874 i Köpenhamn av Wilhelm Hansen)
    1. ”På vattnet”
    2. ”Barnmenuett”
    3. ”Om kvällen”
  • Fem smärre tonbilder i sammanhang, op. 7 (1880, tryckt 1880 i Stockholm av Huss & Beer)
    • 1. Largetto
    • 2. Andante
    • 3. Allegro moderato
    • 4. Andante
    • 5. Lento
  • Tre sånger med piano, op. 8
    1. ”En vacker höstdag” till text av Sven Adolf Hedlund
    2. ”Vi ses igen” till text av Viktor Rydberg
    3. ”Visa en vårmorgon” till text av Johan Ludvig Runeberg

Innspelingar endre

  • 1981 – ”Orgelsymfoni nr 1 i h-moll” på skivan Romantica (Proprius PROP 7848)
  • 1992 – ”Herre, förbarma dig” på skivan Andeliga sånger (Musica Sveciae MSCD 615))
  • 1994 – ”Pianotrio i g-moll” på skivan Kammarmusik (Musica Sveciae MSCD 528-529)
  • 1995 – ”Fritiof-svit” och ”Symfoni nr 2 i a-moll” (Sterling CDS 1016-2)
  • 1996 – ”Pianokvintett i e-moll”, ”Pianosonat i A-dur”, ”Stråkkvartett i d-moll” och sångerna ”Svanen”, ”Visa en vårmorgon”, ”Polska”, ”En vacker höstdag”, ”Öfver hafvet”, ”Till näktergalen” på skivan Musik på Hammersta slott (Caprice CAP 21530)
  • 1999 – Complete Works for Organ (Swedish Society Discofil SCD-1085)
  • 2003 – ”Sommarminnen från Bjurslätt” på skivan Souvenirer från Göteborg (Altfiol i Väst AIVCD001)
  • 2005 – ”Svensk mässa nr 1” på skivan Musik i Domkyrkan (Intim Musik IMCD098)
  • 2006 – ”Andante quasi recitativo” på skivan Souvenirer från Västsverige (Altfiol i Väst AIVCD002)
  • 2009 – ”Pianotrio i g-moll”, ”Pianotrio i c-moll”, ”Stråkkvartett i a-moll” på skivan Pianostycken (Intim Musik IMCD113)
  • 2009 – ”Sommarminnen från Bjurslätt”, sats 3–4 på skivan Strandhugg i västsvenskt musikliv (Altfiol i Väst AIVCD005)
  • 2014 – Complete Piano Works (Daphne 1047)
  • 2014 – ”Pianosonat i A-dur” på skivan Compozitoare de-a lungul secolelor (Electrecord EDC 1106/1107)

Kjelder endre

  1. «skbl.se - Elfrida Andrée». skbl.se. Henta 25. desember 2018. 
  2. «Levande Musikarv - Elfrida Andrée». levandemusikarv.se. Henta 27. desember 2018. 
  3. «Levande Musikarv - Elfrida Andrée». levandemusikarv.se. Henta 27. desember 2018. 
  4. «skbl.se - Elfrida Andrée». skbl.se. Henta 25. desember 2018. 
  5. «Levande Musikarv - Fredrika Stenhammar». www.levandemusikarv.se. Henta 28. desember 2018. 
  6. «skbl.se - Elsa Elfrida Marguérite Stenhammar». skbl.se. Henta 28. desember 2018. 
  7. Öhrström, Eva: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, 1999, s. 24. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Eva, Öhrström: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  9. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  10. «Levande Musikarv - Elfrida Andrée». levandemusikarv.se. Henta 27. desember 2018. 
  11. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  12. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  13. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  14. HD.se 22 november 2013: Elfrida Andrée, domkyrkoorganist, telegrafist och tonsättare, henta 17. juni 2015
  15. GP, 15 september 1952, "Telegrafverket 100 år. Första telegrafisten var göteborgska."
  16. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  17. «skbl.se - Elfrida Andrée». skbl.se. Henta 25. desember 2018. 
  18. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  19. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  20. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  21. Begravda i Sverige, CD-ROM, Sveriges Släktforskarförbund (2008)
  22. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  23. «skbl.se - Elfrida Andrée». skbl.se. Henta 25. desember 2018. 
  24. «Levande Musikarv - Elfrida Andrée». levandemusikarv.se. Henta 27. desember 2018. 
  25. Hanna Tornbrant (8. mars 2019). «Hon väcker 120 år gammal opera ur sin Törnrosasömn». Göteborgs-Posten. s. 35. 
  26. Magnus Haglund (10. mars 2019). «Fräsch tolkning av pacifistiskt vikingadrama». Göteborgs-Posten. s. 61. 
  27. Eva., Öhrström,: Elfrida Andrée : ett levnadsöde, Prisma, 1999. ISBN 915183488X. OCLC 43850770. Henta 2018-12-25. 
  28. «Spårvagnsnamn». Göteborgs Spårvägar. Henta 28. desember 2018. 
  29. «Elfrida Andrées gata». Elfrida Andrées gata. Henta 28. desember 2018. 
  30. «Gymnasieskolor». Region Gotland. Henta 28. desember 2018. 

Trykte kjelder endre

Vidare lesing endre

  • Ekberg, Oskar (2013). ”Den jämlika musiken : tre historiska aspekter”. Acceptabel ojämlikhet? / (2013): sid. 89-101.  Libris 14701904
  • Freeman, Theodor (1964). ”Domkyrkoorganisten Elfrida Andrée och hennes far”. Julboken till församlingarna i Göteborgs stift 1964: sid. 12-27. 0284-2076. ISSN 0284-2076.  Libris 19228687
  • Elfrida Andrée i Svenskt biografiskt lexikon (1918)
  • Tankar omkring Elfrida André[e], 1999. Libris 8234954. 
  • Hundrade och en Göteborgskvinnor, Riksarkivet, Landsarkivet i Göteborg, Göteborg 2018. ISBN 9789198465747. Libris 22682935. 
  • Lindberg, Gunilla (2005). ”Elfrida Andrée : första kvinnliga organisten och telegrafisten”. Starka kvinnor som fört Sverige framåt / (2005): sid. [38-49].  Libris 9981570
  • Musiken som tidsspegel : tolv essäer om musiken kring sekelskiftet 1900, Gidlund, Möklinta 2013. ISBN 9789178448791. Libris 14010310. 
  • Elfrida Andrée : presentation av ett nytt källmaterial, biografiska notiser samt verkförteckning, Uppsala 1965. Libris 10139588. 
  • Elfrida Andrée : originalbiografi för "Musikern", Stockholm 1925. Libris 2234264. 
  • Elfrida Andrée och det kvinnliga släktets höjande: häfte till utställningen "Elfrida Andrée och det kvinnliga släktets höjande" : Musikmuseet 6/2 1999-9/1 2000, Musikmuseet, Stockholm 1999. Libris 8636527. 
  • Öhrström, Eva (2003). ”Elfrida Andrée: och "det kvinnliga släktets höjande"”. Artes 2003(29):1,: sid. 48-62. 0345-0015. ISSN 0345-0015.  Libris 9295557
  • Öhrström, Eva : Elfrida Andrée i Svenskt kvinnobiografiskt lexikon (8 mars 2018)
  • Elfrida Andrée – Levande musikkarv
  • Portrett av Andrée – Idun nr 25/1891
  • Rikearkivet SJÅ/ØKTA/11353 – Elfrida Andréearkivettil - prosjektet
  • Nøter av Elfrida Andrée – Musikk- og teaterbiblioteket
  • Elfrida Andrées arkiv – Databasen til musikkverket over arkiv, gjenstand og forestillingar
  • Fritt tilgjengelege notar av Andrée ved International Music Score Library Project (IMSLP)