Eli og Elie er personnamn som kan brukast av begge kjønn. I dansk-norsk tradisjon er det eit kvinnenamn avleidd frå det greske Helene, som betyr 'lys' eller 'lysberer'. I hebraisk og avleidde tradisjonar er Eli (hebr. עֵלִי) eit mannsnamn som betyr 'oppstiging', kjend frå øvstepresten Eli i Bibelen. Eit liknande hebraisk namn (hebr. אלי) kan også tyda 'min Gud' eller vera ei kortform av namn som Elia, Elisja, Elieser og liknande.

Namnetrekket til Eli Lilly.

Eli har namnedag den 21. mai i Noreg.

Bruk endre

 
Fagforeiningskvinna Eli Ljunggren.

Eli og varianten Elie var mykje brukte på jentebarn i Noreg på 1700-talet. Eli var også utbreidd på 1940- og 1950-talet.

I England har Eli vore kjend som mannsnamn sidan reformasjonen.

Namneberarar endre

Kvinner endre

 
Filmskaparen Eli Roth.

Menn endre

  • Øvstepresten Eli, levde om lag 1000-talet f.Kr.
  • Eli Whitney (1765–1825), USA-amerikansk oppfinnar
  • Élie Ducommun (1833–1906), sveitsisk journalist, aktivist og vinnar av Nobels fredspris
  • Eli Lilly (1838–1898), USA-amerikansk kjemikar og entreprenør
  • Eli Filip Heckscher (1879–1952), svensk økonom
  • Elie Wiesel (f. 1928), rumensk-amerikansk jødisk forfattar, aktivist og vinnar av Nobels fredspris
  • Eli Roth (f. 1972), USA-amerikansk filmskapar og skodespelar

Annan bruk endre

Kjelder endre