Elias Faleide

norsk politikar

Elias Paulson Faleide (fødd 10. oktober 1879 i Stryn kommune, død 1967 i Gloppen kommune), var ein norsk fylkesagronom, ordførar og stortingsrepresentant for Venstre.

Elias Faleide
Fødd10. oktober 1879
Død1967 (alder 87–88)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
YrkeAgronom og politikar
Verv
Gloppens kommunevåpen
Gloppens kommunevåpen
Ordførar i Gloppen kommune 1919-1922
FøregangarJon A. Vereide
EtterfylgjarJon A. Vereide
Verv
Gloppens kommunevåpen
Gloppens kommunevåpen
Ordførar i Gloppen kommune 19281941
FøregangarJon A. Vereide
EtterfylgjarMartin R. Andenes
Verv
Gloppens kommunevåpen
Gloppens kommunevåpen
Ordførar i Gloppen kommune 19451956
FøregangarMartin R. Andenes
EtterfylgjarJohn Austrheim
Alle verv

Liv og virke endre

Elias Faleide vart fødd på garden Riise i Stryn kommune i 1879. Han var son til kommandersersjant Paul Hansen Faleide og Kristi Eliasdotter Riise (Tonning). Han er uteksaminert frå Landbrukshøgskolen i 1905, og vart i 1912 fylkesagronom for Nordfjord. Han busette seg på Sandane. Frå 1938 var Faleide husdyragronom for heile fylket. Han sat som leiar for Nordfjord og Sunnfjord Fjordhestlag i over 30 år, frå 1926 til 1959.

Ordførar endre

Faleide var ordførar i Gloppen kommune i tre bolkar, 1919–1922, 1928–1941 og 1945–1947. Han var og fleire gonger formann i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Faleide var stortingsrepresentant for Venstre frå 1919-1921, og 1922-24.

Han var aktiv i arbeidet med stiftinga av kraftselskapet Firdakraft, og medverka og til utbygging av den første store kraftstasjonen i Øksenelvane, tidleg på 1950-talet. Han var styreformann i Firda Billag i mange år.

Utmerkingar endre

Kjelder endre

Wikipedia på bokmål oppgir desse kjeldene: