Eliteserien i handball 1976/77–Kvinner

Eliteserien i handball 1976/77 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla tida frå 19. september 1976 til 6. mars 1977.

Idrettslaget Vestar frå Oslo vart norsk seriemeister for sjette året i rad. Karen Fladset var som åra før trenar og sentral spelar i eit mannskap der landslagsspelarar som Anne Eriksen, Unni Anisdahl, Grethe Tønnesen, Kari Aagaard og målvakta Siri Keul bidrog mykje til triumfen.

Poengtabell endre

Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Vestar 22 291-160 35
2 Skjeberg IF 22 214-180 35
3 Nordstrand IF 22 262-219 32
4 Brandval 22 233-200 26
5 Kjelsås IL 22 234-215 26
6 Freidig 22 266-267 25
7 Stabæk IF 22 239-218 23
8 Sverresborg IF 22 233-247 18
9 Glassverket IF 22 184-227 16
10 Fjellhammer IL 22 190-260 14
11 Bækkelaget SK 22 279-244 9
12 Sørskogbygda IL 22 169-259 5

Kjelder endre

  • Sportsboken 77-78. Dreyerbok Stavanger. 1977.