Elizabeth Moon (fødd 7. mars 1945) er ein amerikansk forfattar av fabelprosa. Døypenamnet var Susan Elizabeth Norris, og ho voks opp i McCallan, Texas. Ho lever på garden sin i Florence i same delstaten. Ho vart gift i 1969 og har ein autistisk son.

Elizabeth Moon

Statsborgarskap USA
Fødd 7. mars 1945
McAllen i Texas
Yrke Forfattar
Sjanger science fiction, fantasy
Ektefelle Richard Sloan Moon
Debut 1. juni 1988
Nettstad http://www.elizabethmoon.com

http://www.sff.net/people/Elizabeth.Moon

Elizabeth Moon på Commons

Biografi endre

Moon starta å skrive som barn og hennar første historie var om hunden hennar. Ho tok ein bachelorgrad i historie ved Rice University nær Houston. I 1968 vart ho med i dei amerikanske marinestyrkane og vart løytnant. Etter dette tok ho ein ny bachelorgrad i biologi. Ho har også røynsle som ambulansearbeidar og har vore involert i lokalt styre og stell. Hennar første seriøse omgang med skriving var i midten av trettiåra som fast kommentator i ei vekebasert fylkesavis. Den fyrste romanen hennar, var The Sheepfarmer's Daughter, som vann Compton Crook Award.

Mykje av forfattarskapen hennar er prega av militær science fiction, iblanda biologi. Mellommenneskelege tilhøve og politikk spelar også sterkt inn. Serrano Legacy er ein bokserie som er det ein vil kalle ein romopera. Ho har fått ein Nebula Award for The Speed of Dark, ei novelle om ein autistisk dataprogrammerar som må velje mellom å vere autist eller å ta ein normaliseringskur. Dei siste verka til Moon er ein ny serie romopera, Vatta's War.

Prisar endre

  • Sheepfarmers Daughter – 1989 Compton Crook Award (vunne)
  • Remnant Population – 1997 Hugo Award for beste novelle (nominert)
  • The Speed of Dark – 2003 Nebula Award for beste novelle (vunne) – 2003 Arthur C. Clarke Award (nominert)

Moon fekk Robert A. Heinlein Award for 2007. Prisen vert gjeven for framifrå arbeid innan science fiction og teknisk skriving, samt arbeid som inspirerer til menneskeleg utforsking av verdsrommet.[1]

Bibliografi endre

Paksenarrion endre

The Deed of Paksenarrion

  • Sheepfarmer's Daughter (1988)
  • Divided Allegiance (1988)
  • Oath of Gold (1989)
“Those Who Walk in Darkness” (1990) – novelle sett til Oath of Gold, inkludert i samlingane Lunar Activity og Phases
The Deed of Paksenarrion (1992)
The Deed of Paksenarrion (2003)

The Legacy of Gird-romanane

  • Surrender None (1990) – forløpar til The Deed of Paksenarrion
  • Liar's Oath (1992) – oppfylgjar til Surrender None
  • The Legacy of Gird (1996)

Familias Regnant-universet endre

  • Heris Serrano trilogy
    • Hunting Party (1993)
    • Sporting Chance (1994)
    • Winning Colors (1995)
Heris Serrano (2002)
The Serrano Legacy: Omnibus One (2006)
  • Esmay Suiza continuation
    • Once a Hero (1997)
    • Rules of Engagement (1998)
The Serrano Connection: Omnibus Two (2007)
The Serrano Connection (2008)
  • Suiza and Serrano
    • Change of Command (1999)
    • Against the Odds (2000)
The Serrano Succession: Omnibus Three (2008)

Vatta's War endre

  • Trading in Danger (2003)
  • Marque and Reprisal (2004) – Moving Target i Storbrittannia og Australia
  • Engaging The Enemy (2006)
  • Command Decision (2007)
  • Victory Conditions (2008)

Planet Pirates-serien endre

Planet Pirates er basert på to bøker av Anne McCaffrey, Dinosaur Planet og Dinosaur Planet Survivors, (dei går også under namnet The Mystery of Ireta) som også utgjer kjernen i The Death of Sleep.
  • Sassinak (1990) – Anne McCaffrey & Elizabeth Moon
  • The Death of Sleep (1990) – Anne McCaffrey & Jody Lynn Nye
  • Generation Warriors (1991) – Anne McCaffrey & Elizabeth Moon
  • The Planet Pirates (1993) – McCaffrey, Moon, & Nye

Andre romanar endre

  • Remnant Population (1996)
  • The Speed of Dark (2002)

Samlingar endre

Elizabeth Moon si eiga liste over hennar eiga fiksjonsnoveller

  • Lunar Activity (1990) – Ti noveller
  • Phases (1997) – Åtte forteljingar ifrå Lunar Activity, og andre som ikkje hadde vore samla tidlegare
begge inkluderer “Those Who Walk in Darkness” – ei Paksenarrion-novelle
  • Moon Flights (september 2007) - Femten forteljingar, inkludert ei original "Vatta's War"-forteljing, med ein introduksjon av Anne McCaffrey.

Politikk endre

Moon har lagt ut nokre essay på heimesida si. Ho er engasjert i global oppvarming og var sterkt kritisk mot den amerikanske presidenten George W. Bush på fagmilitært, etisk og økonomisk grunnlag.[2]

Fotnoter endre

Bakgrunnsstoff endre