Elizabeth Stephansen

norsk matematikar

Mary Ann Elizabeth «Betzy» Stephansen (fødd 10. mars 1872 i Bergen, død 23. februar 1961 Arna) var ein norsk matematikar og lærar.

Elizabeth Stephansen

Fødd10. mars 1872
Bergen
Død23. februar 1961
Espeland i Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar
Alma materUniversitetet i Zürich
Eidgenössische Technische Hochschule Zürich

Ho studerte ved Eidgenössische Polytechnikum i Zürich i Sveits og tok doktorgrad same stad i 1902. Ho vart dermed den første norske kvinna som tok doktorgrad i matematikk. Ho var lærar ved Bergen katedralskole og Bergen tekniske skole og var frå 1906 tilsett som assistent i fysikk og matematikk ved Norges Landbrukshøyskole på Ås. Frå 1921 jobba ho som dosent i matematikk.

Ho publiserte mellom anna arbeid om partielle differensial- og differenslikningar.

Ho fekk Kongens fortenestmedalje for innsatsen for dei norske fangane på Espeland, fabrikkstaden som faren Anton Stephan Stephansen hadde grunnlagd.

Kjelder endre