Elliðaár er ei elv i Reykjavík-området sørvest på Island. To små elvar har sitt utspring i den vulkanske fjellkjeda Bláfjöll og renn nedover til innsjøen Elliðavatn i dei austlege forstadane til byen. Utsiget frå innsjøen dannar sjølve elva. Elva renn gjennom eit naturreservat kalla Heiðmörk.

Elliðaár
elv
Elliðaár i juni
Kart
Elliðaár
64°06′54″N 21°48′39″W / 64.115013888889°N 21.810744444444°W / 64.115013888889; -21.810744444444
Wikimedia Commons: Elliðaár

På veg mot sjøen og bukta Elliðavogur i Reykjavík, ikkje langt frå folkemuseet Árbæjarsafn i Árbær, dannar elva nokre små fossefall innanfor bygrensene. Laksefisket i elva er glimrande, men svært dyrt.

Dalen endre

Dalen Elliðaárdalur er eit av dei grøne rekreasjonsområda ved Reykjavík med gå- og sykkelstiar. Her finst òg eit symjebasseng, ein liten skiheis og stadar for hesteriding.

Sidan byrjinga av 1900-talet har området vorte planta med bjørk, gran og furu.

Området har eit variert fugleliv med svaner, åtte forskjellige ender og totalt 60 forskjellige fugleartar. Det finst òg mange songfuglar som trost.

I 1921 vart det første vasskraftverket i landet konstruert her og er framleis i bruk. Eit museum i bygningen fortel soga om elektrifiseringa av Reykjavík.

Grunnfjellet i dalen er av basalt som vart danna av eit vulkanutbrot frå Bláfjöll om lag 25 km frå byen for 4500 år sidan.