Reno er ei elv i Emilia-Romagna i Italia. Ho er den tiande lengste elva i Italia (sjette lengste av dei som renn direkte ut i havet) og den viktigaste av elvane i området bortsett frå Po. Namnet på elva har same etymologi som Rhinen[1] og kjem frå det keltiske ordet for «rennande (vatn)».

Reno
elv
Land  Italia
Nedslagsfelt 5 040 km²
Lengd 211,8 km
Middelvassføring 95 /s
Kjelde Dei toscanske Appenninane
 - høgd 745 moh.
Munning Adriahavet
Kart
Elva Reno
44°35′47″N 12°16′49″E / 44.596388888889°N 12.280277777778°E / 44.596388888889; 12.280277777778
Wikimedia Commons: Reno river

Elva har eit nedslagsfelt på litt over 5 000 km² og i middelvassføring på 95 m³/s ved munningen. Der elva renn ut på Posletta har ho om lag 25 m³/s. Den høgaste verdien som er registrert er derimot rundt 1 000 m³/s og d et minste er 0,6 m³/s.

Elva nær Sasso Marconi nær Posletta.

Elva har sitt utspring i Le Lari-massivet i provinsen Pistoia (Toscana) om lag 745 meter over havet der to elva renn i hop nær Le Piastre i kommunen Pistoia. Den øvre leia hennar dannar grensa mellom Toscana og Emilia-Romagna og renn i ei skogkledd område kryssa av jernbanelinja Bologna-Porretta-Pistoia. Her er det òg bygd fleire reservoar på elva som vert nytta til produksjon av vasskraft. Reno er den elva i Appenninane som produserer mest straum etter Nera-Velino i Umbria.

I den nedre leia mottar Reno mange sideelvar, og nokre av desse har svært varierande vassføring. Dei viktigaste er Limentra, Silla, Setta, Idice, Sillaro, Santerno og Senio. Elva munnar ut i Adriahavet nær Casalecchio di Reno, søraust for Valli di Comacchio.

Kjelder endre

  1. italiensk heiter begge elvane Reno.

Bakgrunnsstoff endre