Tarn (tarnislatinsk tyder «rask» eller «innmurt») er ei 375 km lang elv sør i Frankrike (regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées) og ei av sideelvane til Garonne frå høgre.

Tarn
elv
Gorges du Tarn.
Land Frankrike Frankrike
Nedslagsfelt 15 700 km²
Lengd 375 km
Middelvassføring 200 /s
Kjelde Cevennane
 - høgd 1 550 moh.
Munning Garonne
Kart
Elva Tarn
44°24′54″N 3°48′51″E / 44.415°N 3.8142°E / 44.415; 3.8142
Wikimedia Commons: Tarn River
Utsyn over Gorges du Tarn

Tarn renn hovudsakleg vestover, og har utspring i ei høgd på 1 550 meter over havet ved Mont Lozère i Cevennane (del av Massif Central). Ho renn mellom anna gjennom ei djup og lang kløft kalla Gorges du Tarn til Moissac i Tarn-et-Garonne, der ho munnar ut i Garonne 4 km nedanfor sentrum av byen.

Ho har eit tilsigsområde på om lag 12 000 km², og ei middelvassføring på om lag 140  per sekund.

Sideelvar endre

Dei største sideelvane til Tarn er Tarnon, Dourbie, Agout og Aveyron.

Department og byar endre

Tarn renn gjennom følgjande departement og byar:

Viaduc de Millau, den høgaste brua i verda, langs motorvegen A75 kryssar Tarnkløfta nær Millau. Ho opna i desember 2004.

Tarn er, i lag med Donau, kjend for å ha skapt nokre av dei største flaumane i Europa. Den mest vidkjende skjedde i mars 1930. Då steig Tarn med meir enn 17 meter over normalt vassnivå i Montauban på berre 24 timar, og fekk ei vassføring på 7 000 m³/s (middelvassføringa i Rhinen er 2 200 m³/s, i Nilen var middelvassføringa under den årlege flaumen 8 500 m³/s før Aswandemningen vart bygd og i Mississippielva 16 200 m³/s). Ein tredjedel av departementet Tarn-et-Garonne vart råka og om lag 300 menneske mista livet. Tusenvis av hus vart øydelagde, dei lågare distrikta i Montauban vart øydelagde, og nesten heile byen Moissac forsvann.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Elva Tarn