For fleire tydingar av namnet, sjå Vienne (fleirtyding)

Vienne er ei av dei viktigaste elvane sørvest i Frankrike, og ei stor sideelv til Loire. Ho inneheld fleire demningar for produksjon av vasskraft, og er den største elva i regionen Limousin og den austlege delen av Poitou-Charentes.

Vienne
elv
Vienne i Limoges.
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 21 105 km²
Lengd 372 km
Middelvassføring 203 /s
Kjelde Plateau de Millevaches
 - høgd 880 moh.
Munning Loire
Kart
Elva Vienne
47°12′45″N 0°04′31″E / 47.2125°N 0.075277777777778°E / 47.2125; 0.075277777777778
Wikimedia Commons: Vienne River

To franske departement er kalla opp etter Vienne: Haute-Vienne (87) i Limousin og Vienne (86) i Poitou-Charentes.

Elveleie endre

Vienne har sitt utspring i departementet Corrèze, ved foten av Mont AudouzePlateau de Millevaches nær Peyrelevade. Ho renn stort sett vestover til byen Limoges, der ho ein gong spela ei viktig rolle i den vidkjende porselenindustrien i byen. Eit lite stykke etter Limoges snur ho nordover. På veg til munningen i Loire mottar Vienne elvane Creuse og Clain. Etter om lag 390 km munnar Vienne ut i Loire ved Candes-Saint-Martin i departementet Indre-et-Loire.

Vienne renn gjennom følgjande departement og byar:

Bakgrunnsstoff endre