Emil Aase

norsk politikar

Lars Emil Marcelius Andreasson Aase (4. desember 187629. desember 1957) var ein norsk småbrukar, fabrikkarbeidar og politikar, fødd i Rennesøy.

Emil Aase
Fødd4. desember 1876
Død29. desember 1957 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Karriere endre

Emil Aase arbeidde i fleire år på faren sitt mylne- og gardsbruk på Åse i Høyland. Frå 1908 til 1919 dreiv han eige småbruk, attåt han heldt fram å arbeide på faren si mylne. Sidan gjekk han over på fabrikkarbeid.

Aase var medlem av formannskapet i Høyland kommune frå 1917 og i 20 år framover. Han var også medlem i forliksrådet og elles ein aktiv kar i samvirkelag og anna. Hausten 1927 vart han vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen Rogaland. Perioden 1928–1930 var han den fyrste stortingsmannen frå Arbeidarpartiet i Rogaland. På Stortinget var han medlem i Jarnbanekomitéen.

Kjelder endre

  • Haffner, Vilhelm (1928). Stortinget. Cappelen. s. 63.