Emily Dickinson

amerikansk poet og skribent

Emily Elizabeth Dickinson (10. desember 183015. mai 1886) var ein amerikansk diktar. Ho levde heile livet sitt tilbaketrukke frå omverda i heimbyen Amherst i Massachusetts, og gav ut svært få dikt, men etterlét seg opp mot 1800 dikt som er blitt sterkt verdsette i amerikansk litteratur sidan. Stilen hennar skilde seg frå samtidig diktarkunst med korte linjer, halvrim, uvanleg kapitalisering og teiknsetjing, og hadde ofte ingen tittel.

Emily Dickinson

Statsborgarskap USA
Fødd 10. desember 1830
Amherst
Død

15. mai 1886 (55 år)
Amherst

Yrke skribent, lyrikar, gartnar
Språk engelsk
Sjanger dikt
Far Edward Dickinson
Mor Emily Norcross Dickinson
Emily Dickinson på Commons

Liv endre

Emily Elizabeth Dickinson kom frå ein rimeleg velståande familie med røter i den tidlege puritanske innvandringa til Amerika. Amherst College var grunnlagd av bestefaren hennar, og familien budde i The Homestead, eit herskapshus ved hovudgata i byen. Ho hadde ein eldre bror, William, og ei yngre søster, Lavinia.

Emily gjekk på skule i heimbyen til ho var 16, då ho blei send til Mount Holyoke Female Seminary i ein by halvanna mil unna. Etter ti månader der blei ho henta heim att, truleg etter eige ønske, men elles uvisst av kva grunn. Emily byrja å baka for familien og tok del i aktivitetar ved Amherst College.

Ein venn av familien, den unge advokaten Benjamin Franklin Newton, gav Dickinson lyrikk. Han introduserte henne for dikta til Ralph Waldo Emerson, og truleg også William Wordsworth. Ho las også skjønnlitteratur frå samtida, som Letters from New York av Lydia Maria Child, Kavanagh av Henry Wadsworth Longfellow, og Jane Eyre av Charlotte Brontë. Samstundes var Shakespeare og Bibelen viktige verk for henne.

Fram til 1855 hadde Dickinson aldri vore langt frå Amherst, men våren det året drog ho saman med mora og søstera ut på ei lengre reise. Dei var først tre veker i Washington, der faren var kongressmann for Massachusetts. Deretter vitja dei slektningar i Philadelphia i to veker. Der fekk Emily tett kontakt med presten Charles Wadsworth og danna eit sterkt vennskap som varte til han døydde i 1882.

I am small, like the wren, and my hair is bold, like the chestnut bur, and my eyes like the sherry in the glass that the guest leaves.

Emily Dickinson om seg sjølv.

Dickinson opplevde fleire dødsfall blant venner som ho tok svært tungt. Frå midten av 1850-åra blei også mor hennar sjuk og sengeliggjande. Emily tok på seg rolla med å sjå etter henne og huset. Etter som åra gjekk, trekte ho seg meir og meir tilbake frå direkte kontakt med folk utanfrå.

Sommaren 1858 tok Emily Dickinson fatt på å reinskriva dei eldre dikta sine i skrivebøker, og la seinare også til nye. Frå denne tida og fram til 1865 skreiv ho ned 800 dikt i desse bøkene, utan at nokon visste om det. Heime var Dickinson betre kjend som ein dyktig bakar og gartnar.

Førstedelen av 1860-åra, då ho nett hadde trekt seg tilbake frå omverda, var den mest produktive perioden for diktaren. I 1862 skreiv ho til litteraturkritikaren Thomas Wentworth Higginson med nokre tekstdøme. Han lovpriste diktinga hennar, men bad henne venta litt med å gje ut. Dei fortsette brevvekslinga fram til Dickinson døydde, og møttest i 1870.

Mot slutten av 1860-åra blei livet til Dickinson endå meir tilbaketrukke. Ho forlet ikkje heimen utan at det var heilt nødvendig, og snakka helst til vitjande gjennom ei dør, i staden for ansikt til ansikt. Ho blei kjend lokalt som ei underleg kvinne som sjeldan var å sjå, men som når ho blei det, alltid var kledd i kvitt. Ho var likevel ikkje heilt ein einstøing, men var saman med familien sin og ungar, og sende gjerne brev eller små gåver til dei som kom på besøk.

I 1874 døydde faren Edward Dickinson slag. Mora Emily blei invalidisert av slag året etter. Ho døydde i 1882. Året etter døydde favorittnevøen til Emily, Gilbert Dickinson, av tyfoidfeber. Emily Dickinson blei svært nedtrykt av dødsfalla, og blei også sjølv svakare. Sommaren 1884 svima ho av medan ho baka, og var dårleg fleire veker etterpå. I november 1885 avlyste broren Austin ei reise til Boston på grunn av den svekka tilstanden hennar. I mai 1886 døydde Emily Dickinson, 55 år gammal. Familielegen oppgav nyresjukdommen Brights sjukdom som dødsårsak.

Kjelder endre

  Denne litteraturartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.