Emmy Noether

tysk matematikar

Amalie Emmy Noether (23. mars 188214. april 1935) var ein tyskfødd matematikar. Albert Einstein skal ha sagt om henne at ho var ein av dei mest kompetente matematikarane som levde, og at ho var det mest signifikante matematiske geniet som var produsert sidan kvinner fekk tilgjenge til høgare utdanning. Noether hadde ei djuptgåande innsikt som ho brukte til å utvikle elegante abstraksjonar.

Emmy Noether

FøddAmalie Emmy Noether
23. mars 1882
Erlangen
Død14. april 1935
Bryn Mawr
NasjonalitetKongedømet Bayern
Områdealgebra, abstrakt algebra, teoretisk fysikk, kroppteori, matematikk, matematisk fysikk
Yrkematematikar, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Göttingen
Bryn Mawr College
Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg
Alma materFriedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg
Universitetet i Göttingen
Universitetet i Heidelberg
DoktorgradsrettleiarPaul Gordan
MedlemCircolo Matematico di Palermo
Deutsche Mathematiker-Vereinigung

Biografi endre

Noether vart fødd i Erlangen i Tyskland, der faren var professor i matematikk. Ho hadde ein yngre bror, Fritz Noether, som òg var matematikar. I motsetnad til mange andre store matematikarar, viste ikkje Noether noko særleg interesse for matematikk då ho var yngre. Som tenåring var ho mest interessert i musikk og dans.

Sjølv om Universitetet i Erlangen ikkje tillét kvinnelege studentar på denne tida, fekk Emmy løyve til å følgje undervisinga. I 1904 vart det endeleg tillate for kvinner å studere ved Universitetet i Erlangen, og då vart Emmy straks student i matematikk. Tre år seinare tok ho doktorgraden med Paul Gordan som rettleier. Ho leverte ei rekkje viktige publikasjonar som gav henne eit godt rykte. I 1915 flytta ho til Göttingen, men Universitetet i Göttingen nekta å la henne undervise der. Ein av kollegaene hennar ved universitetet var den kjende matematikaren David Hilbert, og han annonserte kurset hennar i timeplanen til universitetet under sitt eige namn. Det oppstod fleire stridar ved universitetet, men til slutt vart ho teke opp som fullverdig medlem av fakultetsstaben i 1919.

I 1933 flykta Emmy frå Tyskland. Dei nazistiske raselovene forbaud henne å undervise ved universitetet. Ho slo seg ned i USA og byrja å undervise ved Bryn Mawr College. Ho døydde her under mystiske omstende i 1935. Emmy vart aldri gift, og ho hadde ingen slektningar i USA. Den yngre broren hennar, Fritz Noether, flykta frå det tyske naziregimet til Sovjetunionen i 1934. Han vart skoten for anti-sovjetisk propaganda i 1941.

Matematikken til Noether endre

Publikasjonar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre