Emo tyder emosjonell, og omgrepet blir ofte nytta for å beskriva gitarbasert alternativ rock der relasjonar og personlege kjensler dominerer tekstane. Omgrepet byrja å bli nytta på midten av 1980-talet, og då om hardcore-bandet Rites of Spring.

Historie endre

Den opphavlege emoen oppstod innan sjangrane postpunk og hardcore på midten av 1980-talet, og ein nytta også omgrepa Emotional Hardcore eller emocore. Andre tidlege band som blir rekna som innverknadsrike innan sjangeren er Gray Matter, Ignition, Shudder to Think, Fugazi og Embrace.

På nittitalet voks det fram nye band som dels kom til å omdefinera omgrepet. Band som Sunny Day Real Estate, Elliott, The Promise Ring og Get Up Kids heldt eit lågare tempo, men hadde same klangbilde og tematikk i tekstane.

På andre halvdel av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet har band som My Chemical Romance, Dashboard Confessional, Taking Back Sunday og ikkje minst Weezer ført til eit større komersielt gjennombrot for sjangeren. Grensene mellom deira emo og pop- og rockmusikk elles har blitt viska ut, og har gjort at omgrepet i dag nesten heilt manglar ein klar definisjon.

Kjelder endre