Empty Sky

album av Elton John
Empty Sky
Studioalbum av Elton John
Språk engelsk
Utgjeve 6. juni 1969 (Storbritannia)
13. januar 1975 (USA)
Innspelt Desember 1968 – april 1969
Studio Dick James Music Studios i London
Sjanger psykedelisk rock, softrock,[1] progressiv pop, folkrock, rhythm and blues
Lengd 41:00
Selskap DJM (Storbritannia)
MCA (USA)
Produsent Steve Brown
Elton John-kronologi 
Empty Sky Elton John
(1970)


Empty Sky er debutalbumet til Elton John. Albumet vart gjeve ut 3. juni 1969 og var produsert av Steve Brown. I USA vart det gjeve ut først i januar 1975 med eit anna plateomslag, lenge etter at John hadde vorte internasjonalt kjend. Plata vart spelt inn vinteren 1968 og våren 1969 i eit DJM 8-sporsstudio og Empty Sky er det einaste av dei tidlege albuma hans som ikkje er produsert av Gus Dudgeon.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]

Sjølv om det akkompagnementet på Empty Sky kan skildrast som mild psykedelisk rock, finn ein Elton sin teft for popmelodien ganske tydeleg alt her.[2] Elton medverkar til den unike stilen på albumet med å spele cembalo på fleire spor, som «Skyline Pigeon», ein song han skildra som «den første songen Bernie og eg vart begeistra over når me skreiv han.»[3]

Elton John nytta musikarar som var vener av han sjølv eller produsenten Steve Brown. Caleb Quaye på gitar og Roger Pope på trommer, begge medlemmar av bandet Hookfoot på denne tida, spelte på mange av songane. Quaye og Pope vart seinare med John som ein del av studio- og turnebandet hans bak Rock of the Westies i 1975 og «Blue Moves» i 1976. Tony Murray frå The Troggs spelte bass. Nigel Olsson frå Plastic Penny og Spencer Davis Group spelte trommer på «Lady What's Tomorrow?». Olsson og Spencer Davis-bassisten Dee Murray vart med i turnebandet til John tidleg i 1970-åra.

Sporliste endre

Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Empty Sky»8:28
2.«Val-Hala»4:12
3.«Western Ford Gateway»3:16
4.«Hymn 2000»4:29
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Lady What's Tomorrow»3:10
6.«Sails»3:45
7.«The Scaffold»3:18
8.«Skyline Pigeon»3:37
9.«Gulliver/Hay-Chewed/Reprise»6:59
Bonusspor på 1995/1996-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Lady Samantha»3:02
11.«All Across the Havens»2:52
12.«It's Me That You Need»4:04
13.«Just Like Strange Rain»3:44

Medverkande endre

Produksjon

  • Steve Brown - producer
  • Frank Owen - lydteknikar
  • Clive Franks - lydbandoperatør, plystring
  • Gus Dudgeon - notat i omslaget
  • John Tobler - notat i omslaget

Salslister endre

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1975 Pop Albums 6

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Empty SkyAllmusic
  2. http://www.allmusic.com/album/r10468
  3. «Skyline Pigeon» frå Here And There, disk 1, spor 1. Gjeven ut 30. april 1976, MCA Records.

Bakgrunnsstoff endre