Enar Josefsson (6. september 191618. desember 1989) var ein svensk langrennsløpar frå Åsele i Västerbottens län. Han vann to sølvmedaljar under verdsmeisterskapen i Lake Placid i 1950, samt ein gullmedalje i stafett i same meisterskapen og ein bronsemedalje i langrensstafetten under vinter-OL 1952.

Enar Josefsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 6. september 1916
Åsele
Død

18. desember 1989 (73 år)
Stockholm

Idrett langrenn
Tok del i

cross-country skiing at the 1952 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, Ski-VM 1950

Utmerkingar

olympisk bronsemedalje

Aktiv endre

Josefsson hadde lite og inkje å vise til av toppresultat før han i 1950 reiste til ski-VM i Lake Placid i USA. Her lukkast han overmåte godt og vart nummer to både på 18 km og på 50 km. På 18-kilometeren var han berre tolv sekundar bak verdsmeisteren, landsmannen Karl-Erik Åström, nordmannen Arnljot Nyaas fekk bronsen. Josefsson tok ein ny sølvmedalje på femmila, med tida 3.00.01 var han 56 sekundar bakom landsmannen Gunnar Eriksson i tid. I melllomtida hadde Josefsson vunne VM-gull i 4x10 km stafett, då han gjekk sisteetappen for Sveriges sigersike lag, dei andre var Nils Täpp, Karl Erik Åstrøm og Martin Lundström.

I 1952 var Josefsson på plass under vinterolympiaden i Oslo. Han vart nummer 13 på 18 km, norske Hallgeir Brenden vart olympiameister. Sidan gjekk Josefsson tredeetappen for Sverige sitt firemannslag, ei tevling som enda med svensk bronseplass, Finland vann føre Noreg. Same sesongen vart Josefsson beste svenske på 18 km i Svenska skidspelen i Falun, 22 sekundar bakom vinnaren Viljo Vellonen frå Finland.

Josefsson var tilbake i Falun under verdsmeisterskapen på ski i 1954. Han deltok i alle dei tre individuelle langrenna og vart som best nummer ni, plasseringar han oppnåde både på 15 km og 50 km.

Kjelder endre