Endorfin

endogent, opiod peptid med morfinliknande verknad

Endorfinar er biokjemiske signalstoff som lindrar smerte og påverkar viljen til å sova, eta og drikka. Dei blir mellom anna skilde ut i kroppen når ein skadar seg, trener eller blir forelska, og kunstig gjennom akupunktur.

Biologi endre

Endorfina er peptid som blir produsert i bukspyttkjertelen og hypothalamus hos virveldyr. Dei er opioide og liknar opiata i det at dei kan gje analgesi (smertedemping) og ei kjensle av velvære. Stoffa er difor blitt kalla «kroppen sitt eige morfin».

Til forskjell frå mange andre signalstoff blir endorfin verande i blodet i mange timar etter at dei er laga.

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.