Endre Lekve
Endre Torkelsson Lekve (10. august 1833–10. februar 1882) var ein norsk ingeniør frå Ulvik, leiande innanfor ingeniørfaget i Finland i 1860-70-åra. Thorbjørn Lekve var bror hans.
Endre Lekve | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. august 1833 Ulvik herad |
Død |
10. februar 1882 (48 år) |
Yrke | ingeniør, universitetslærar |
Lekve var son til ein gardbrukar på garden Nedre Lekve i Ulvik. Sjølv gjekk han på underoffisersskulen i Bergen, der han vekte merksemd med sine givnader. Åra 1856–59 studerte han ved den den tekniske høgskulen Polytechnikum i Hannover, der han gjekk ut med ein framifrå eksamen. I 1860 vart han tilsett som professor i bygningsfag på den Tekniska högskolan i Helsingfors. Lekve vann eit stort ry som lærar i ingeniørvitskap og som praktisk ingeniør.
Lekve, som var gift med ei finlandssvensk kvinne, døydde i Helsingfors då han var 49 år gammal, fleire år etter kona var død. Eit stipendfond som ber namnet hans vart oppretta av studentane hans.
Kjelder endre
Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957