Endurance-ekspedisjonen

Endurance-ekspedisjonen (offisielt Imperial Trans-Antarctic Expedition) 1914–17 var ein ekspedisjon sett i gang og leia av Ernest Shackleton for å krysse det antarktiske kontinentet. Etter Roald Amundsen si erobring av Sørpolen i 1911 rekna Shackleton kryssinga av kontinentet som den siste store utfordringa i Antarktis.[1] Ekspedisjonen mislukkast i å nå målet sitt, men står likevel som ei av dei største bragdene i den heroiske tidsalderen for antarktisutforskning etter at ekspedisjonsfartøyet «Endurance» gjekk tapt i isen og deltakarane redda livet ved å segle i livbåtar til Elefantøya og Sør-Georgia, der dei fekk varsla norske kvalfangarar.

«Endurance» for fulle segl, kring 1915
1914–1917: Kart som viser sjørutene til «Endurance», «Aurora» og «James Caird», den planlagde transkontinentale ruta og depotruta til Rosshavsgruppa.:██ Seglingsruta til «Endurance»██ Isdrifta til «Endurance»██ Isdrifta etter tapet av «Endurance»██ Seglingsruta til «James Caird»██ Planlagt transkontinental rute██ «Aurora»s rute til Antarktis██ Isdrifta og tilbakereisa til «Aurora»██ Rosshavsgruppa si depotrute

Shackleton hadde røynsle frå Antarktis som deltakar på Robert F. Scott sin Discovery-ekspedisjon 1901–04 og som leiar av Nimrod-ekspedisjonen 1907–09. På denne nye ekspedisjonen foreslo han å segle til Weddellhavet og ilandsetje ei gruppe nær Vahselbukta som skulle gjennomføre ein transkontinental marsj via Sørpolen til Rosshavet. Ei støttegruppe, Rosshavsgruppa, skulle samstundes segle til motsett side av kontinentet, etablere ein leir ved McMurdo-sundet, og derfrå leggje ut ei rekkje depot på Rossbarrieren fram til foten av Beardmorebreen. Desse depota ville vere naudsynte for at polkryssarane skulle overleve, då dei ikkje ville vere i stand til å frakte med seg nok proviant for heile marsjen. Ekspedisjonen trong to fartøy: «Endurance» med Shackleton til Weddellhavet og «Aurora» med Aeneas Mackintosh til Rosshavet.

«Endurance» vart frosen inne i isen i Weddellhavet før ekspedisjonen nådde Vahselbukta, og trass i forsøk på å frigjere skuta dreiv ho heile vinteren 1915 nordover innhylla i is. Til slutt vart fartøyet skrudd ned av ismassane og knust, noko eit skipbrote mannskap på 28 menn som stod att på sjøisen vart vitne til. Etter å ha halde seg fleire månader på isen, kunne gruppa gå i livbåtane og nådde deretter den ugjestmilde og folketomme Elefantøya i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Shackleton og fem andre gjennomførte deretter ein seglas på 1300 kilometer til Sør-Georgia i den opne livbåten «James Caird». Etter mykje om og men var Shackleton i stand til å berge resten av gruppa som venta på Elefantøya, utan at menneskeliv hadde gått tapt. På den andre sida av kontinentet overvann Rosshavsgruppa store utfordringar for å gjennomføre oppdraget sitt. «Aurora» sleit seg frå fortøyinga under ein storm og var ute av stand til å vende tilbake, og etterlét seg dermed landgruppa utan naudsynt utstyr og proviant. Trass i dette makta dei å leggje ut depota, men tre liv gjekk tapt under oppdraget.

Bakgrunn endre

Shackleton hadde hausta offentleg heider for prestasjonane på Nimrod-ekspedisjonen i 1907–09, men han var ikkje klar for å falle til ro med det.[2] Han ønskte å vende attende til Antarktis, men framtidsplanane hans var avhengige av resultatet av Scott sin Terre Nova-ekspedisjon som hadde segla frå Cardiff i juli 1910. Meldinga om at Amundsen hadde erobra Sørpolen nådde Shackleton 11. mars 1912. Dette førte til ei endring av fokus, uavhengig av kva ekspedisjonen til Scott måtte oppnå. Shackleton skreiv: «Oppdaginga av Sørpolen vil ikkje bli slutten for antaktisutforsking».[3] Det neste oppdraget, sa han, ville bli «ei transkontinental ferd frå hav til hav, kryssing av polen».[4] Men det var òg andre som satsa på dette målet. Den 11. desember 1911 hadde ein tysk ekspedisjon under leiing av Wilhelm Filchner segla frå Sør-Georgia med mål om å trenge djupt inn i Weddellhavet, etablere ein sørleg base, og frå der prøve å krysse kontinentet til Rosshavet.[5] Mot slutten av 1912 returnerte Filchner til Sør-Georgia etter å ha mislukkast i å etablere ein base,[5] men han hadde oppdaga mogelege ilandstigingsstader i Vahselbukta, ved om lag 78° grader sørleg breidde, noko Shackleton merka seg og innlemma i ekspedisjonsplanane hans.[6]

Førebuingar endre

Trass i meldinga om den triste lagnaden til Scott og følgjet hans på tilbakereisa frå Sørpolen, sette Shackleton i gang med å førebu sin eigen transkontinentale ekspedisjon. Han bad om økonomisk og praktisk støtte frå blant andre Tryggve Gran frå Scott-ekspedisjonen og tidlegare statsminister lord Rosebery, men fekk ikkje hjelp frå nokon av dei. Gran veik unna å svare, medan Rosebary svara direkte: «Eg har aldri vore i stand til å bry meg ein døyt om polen».[7] Shackleton fekk derimot støtte frå William Speirs Bruce, leiar av Scotia-ekspedisjonen 1902–04. Han hadde arbeidd med planar om ei antarktiskryssing sidan 1908, men hadde gjeve opp prosjektet på grunn av mangel på midlar. Bruce gav gladeleg Shackleton løyve til å nytte planane sine,[8] men det endelege utkasta henta lite frå Bruce. Den 29. desember 1913 offentleggjorde Shackleton planane sine i eit brev til avisa The Times, etter å ha motteke den første lovnaden om økonomisk støtte – eit tilskot på 10 000 pund frå britiske styresmakter.[9]

Planen til Shackelton endre

«After the conquest of the South Pole by Amundsen who, by a narrow margin of days only, was in advance of the British Expedition under Scott, there remained but one great main object of Antarctic journeying — the crossing of the South Polar continent from sea to sea.»

 
Kart over dei planlagde rutene til ekspedisjonen, publisert i mars 1916. Ein hadde då ikkje høyrt noko frå ekspedisjonane sidan slutten av 1914.

Shackleton namngav den nye ekspedisjonen Imperial Trans-Antarctic Expedition, fordi han følte at «ikkje berre folket på desse øyane, men slektningane våre i alle land under Union Jack vil vere villige til å hjelpe til med gjennomføringa ... programmet til ekspedisjonen».[11] For å vekke interessa hos folket, publiserte Shackleton eit detaljert program i byrjinga av 1914. Ekspedisjonen skulle bestå av to grupper og to fartøy. Weddellhavsgruppa skulle segle med «Endurance» til området ved Vahselbukta, der 14 mann skulle setjast i land. Av desse skulle ei seksmannsgruppe, med Shackleton som leiar og utstyrt med 69 hundar, to motoriserte sledar og utrusting som «representerte alt som erfaringa til leiaren og ekspertane hans kunne foreslå»,[12] gjennomføre den 2 900 kilometer lange ferda til Rosshavet. Dei gjenverande åtte i landgruppa skulle utføre vitskapeleg arbeid; tre i Graham Land, tre i Enderby Land og to ved basen i Vahselbukta.[12]

Rosshavsgruppa skulle reise til McMurdo-sundet på motsett side av kontinentet. Derfrå skulle gruppa legge ut depot på Rossbarrieren for den transkontinentale gruppa, heilt fram til Beardmorebreen der gruppene forhåpentlegvis ville møtast og slå følgje det siste stykket. Dei skulle òg gjennomføre vitskapleg arbeid.[12] I programmet sitt uttrykker Shackleton at målet hans var å gjennomføre kryssinga den første sesongen, 1914–15, dersom det var mogeleg.[12] Seinare innsåg han at dette ikkje var praktisk mogeleg, men gløymde å informere Mackintosh om endringane av planane. Ifølgje Ernest Perris, korrespondent for Daily Chronicle, skulle instruksjonane til Mackintosh blitt korrigert i eit telegram, men dette vart aldri sendt.[13]

Finansiering endre

Shackleton rekna at han ville trenge 50 000 pund for å gjennomføre den enkeleste utgåva av planen sin.[14] For å skaffe naudsynte midlar, bad han om bidrag frå velståande støttespelarar. Denne prosessen starta han på tidleg i 1913, til å starte med utan særleg suksess.[7] Den første store oppmuntringa kom i desember 1913, då styresmaktene baud han 10 000 pund, føresagt han klarte å skaffe tilsvarande støtte frå private kjelder.[14] Royal Geographical Society, som han ikkje hadde venta støtte frå, gav han 1 000 pund. Ifølgje Huntford informerte Shackleton dei om, som ein stor gest, at han berre hadde trong for halvparten av denne summen.[15] Lord Rosebery, som tidlegare hadde uttrykt manglande interesse for polarekspedisjonar, gav 50 pund .[14] I februar 1914 rapporterte New York Times at forfattaren J.M. Barrie – ein nær ven av kaptein Scott – hadde donert 50 000 dollar (ca. 10 000 pund).[16] Medan tida var i ferd med å renne ut, vart bidraga omsider sikra i løpet av våren og forsommaren 1914. Dudley Docker frå Birmingham Small Arms Company (BSA) gav 10 000 pund, den rike tobakksarvingen Janet Stancomb-Wills gav ein «sjenerøs» sum (beløpet vart ikkje offentleggjort),[17] og i juni donerte den skotske industrileiaren James Caird 24 000 pund. Shackleton informerte Morning Post at «denne storarta gåva frigjer meg for all uro».[17]

Shackleton hadde no midlar til å sette i verk planane sine. For 14 000 pund[18] fekk han tak i barkentinen «Polaris» på 300 tonn. «Polaris» hadde blitt bygd for den belgiske polarutforskaren Adrien de Gerlache, som hadde hatt planer om ein ekspedisjon til Spitsbergen. Då planane braut saman, vart fartøyet ledig.[19] Shackleton døypte det om til «Endurance», som viste til mottoet til slekta hans: «By endurance we conquer» (Gjennom uthald vil vi sigre).[14] For ytterlegare 3 200 pund skaffa han seg ekspedisjonsskip «Aurora» frå Douglas Mawson, som låg i HobartTasmania. Dette ville tene som fartøy for Rosshavsgruppa.[12]

Det totale beløpet Shackleton samla inn er uvisst, då storleiken på Stancomb-Wills sitt bidrag ikkje er kjent. I 1920 rekna Daily Mail at ekspedisjonen hadde kosta 80 000 pund.[20] Mangel på pengar var eit stadig tilbakevendande problem for ekspedisjonen. Eit økonomisk tiltak var at midlane til Rosshavsgruppa vart halvert, noko leiaren for gruppa, Aeneas Mackintosh først vart klar over då han kom til Australia for å ta fatt på oppgåva.[21] Mackintosh vart tvinga til å prute og trygle om pengar og utstyr for å kunne gjennomføre sin del av ekspedisjonen.[22] Pengemangel hemma òg operasjonen med å hjelpe Rosshavsgruppa då dette vart naudsynt i 1916.[23] Shackleton hadde utnytta inntektspotensialet til ekspedisjonen ved å selje eksklusive avisrettar til Daily Chronicle, og han hadde òg etablert Imperial Trans Antarctic Film Syndicate for å handtere filmrettane.[24] Seinare, då Shackleton sette kursen mot Sør-Georgia i «James Caird», hadde han lagt att instruksjonar til Frank Wild om gjennomføringa av ein foredragsturné, dersom han ikkje vendte attende.[25]

Personell endre

 
Ernest Shackleton, leiar av Endurance-ekspedisjonen

Shackleton mottok meir enn 5 000 søknader om deltaking på ekspedisjonen.[26][27] Til slutt sat han att med 28 personar i kvar av dei to ekspedisjonsgruppene, inkludert William Bakewell som kom om bord i Buenos Aires, venen Perce Blackborow som kom med som blindpassasjer etter at søknaden hans vart avslått,[28] og fleire som kom med i Rosshavsgruppa i siste liten i Australia.[29] Eit besetningsmedlem, Daniel Fulthorpe Gooch, var berre med ei stund då han i siste augneblink steppa inn for å hjelpe Shackleton med handteringa av hundane. Han mønstra av «Endurance» på Sør-Georgia.[30]

Som nestkommanderande for ekspedisjonen valde Shackleton Frank Wild, som hadde deltatt både på Discovery-ekspedisjonen og Nimrod-ekspedisjonen, og i 1909 hadde vore med på Shackleton sitt forsøk på nå Sørpolen.[31] Wild hadde nettopp vendt tilbake frå ekspedisjonen til Mawson. Som kaptein på «Endurance» hadde Shackleton ønska seg John King Davis, som hadde ført «Aurora» for Mawson. Davis takka nei, som meinte at ekspedisjonen var dømt til å mislukkast,[19] så utnemninga gjekk til Frank Worsley.[32] Underoffiseren Tom Crean i Royal Navy, som hadde motteke Albertmedaljen for å berge livet til Edward EvansTerra Nova-ekspedisjonen, tok permisjon frå marinen for å mønstre på som førstestyrmann på «Endurance»; ein annan med erfaring frå Antarktis var Alfred Cheetham som vart andrestyrmann.[33] To veteranar frå Nimrod-ekspedisjonen vart utpeikt til å delta i Rosshavsgruppa: Aeneas Mackintosh, som leiar av gruppa, og Ernest Joyce. Shackleton hadde håpa på at «Aurora» ville få marinebesetning. Han tinga med admiralitetet om offiserar og mannskap, men fekk avslag.[34] Etter påtrykk fekk han éin offiser frå Royal Marines, kaptein Thomas Orde-Lees, som hadde tilsynet med fysisk trening ved treningsleiren til marineinfanteriet.[35]

Den vitskaplege gruppa som segla med «Endurance» bestod av seks personar: dei to skipslegane Alexander Macklin og James McIlroy, geologen James Wordie, biologen Robert Clark, fysikaren Reginald James og meteorologen Leonard Hussey; sistnemnde stod seinare som redaktør bak Shackletons ekspedisjonsberetning, South. Fotografen Frank Hurley og kunstnarar George Marston var ansvarlege for å dokumentere dei visuelle inntrykka frå ekspedisjonen.[36] Den endelege samansetninga av Rosshavsgruppa vart klår i siste liten. Einskilde av dei som reiste frå Storbritannia til Australia for å mønstre på «Aurora» trekte seg før avreisa til Antarktis, og det var usikkert om ein klarte å skaffe full besetning heilt til det siste.[37] Berre Mackintosh og Joyce hadde røynsle frå Antarktis, og Mackintosh hadde mista eit auge etter eit uhell under Nimrod-ekspedisjonen og måtte reise heim.[31]

Ekspedisjon endre

Weddellhavsgruppa endre

 
«Endurance» vert skrudd ned i Weddellhavet.
 
Livbåten «James Caird» vert sjøsett 24. april 1916 med kurs for Sør-Georgia 1 300 km unna.
 
Livbåten «James Caird» nærma seg Sør-Georgia. Teikning frå Ernest Shackletons bok South frå 1919.

Reisa gjennom isen endre

Ernest Shackleton ville gjenerobre stillinga til England som polarnasjonen i verda etter at Robert Scott tapte kappløpet til Sørpolen mot Roald Amundsen. Endurance-ekspedisjonen hans skulle krysse heile det antarktiske kontinentet på nesten 3 000 km frå Weddellhavet til Rosshavet. 8. august 1914 forlét Shackleton og skipet hans «Endurance» med 29 menn ombord England. 5. november 1914 nådde «Endurance» Grytviken der dei vart verande i fire veker. Her vart utrustinga supplert, med både materialar, brensel og hundar frå Hudson's Bay Company. Norske kvalfangarar stussa over kor lett Ernest Shackleton tok på mange av detaljane. Berre tre-fire av mannskapet hans hadde tidlegare gått på ski og ingen hadde tidlegare køyrt eit hundespann. Dei drog frå Grytviken 5. desember.[38]

Når eg kjem attende til England, skal eg opprette eit selskap for kvalfangst på Sør-Georgia. Med ei investering på 50 000 pund, kan ein garantert tene 50-100 000 pund netto per år. Dette er ei gullgruve som berre få menneske kjenner til.

Ernest Shackleton etter å ha vitja øya i 1914[39]

I 1914 var det unormalt mykje is i Weddellhavet og dei møtte den første isen 8. desember og fraus fast for godt 11. desember. Det fastfrosne skipet dreiv sørover med isen og i midten av februar var det mindre enn 100 km att til Vahselbukta. Men vindtilhøva snudde og skipet vart ført vekk frå Vahselbukta i slutten av februar. I byrjinga av mai hadde skipet drive nær 200 km nordover sidan februar og i midten av oktober 1915 flaut «Endurance» for første gongen sidan desember. Men etter nokre dagar vart skipet nok ein gong skrudd fast i isen og 27. oktober 1915 kl 17:00 vart det knust.[40]

Skipet og utrusting er borte, så no dreg me heim.

Ernest Shackleton til mannskapet dagen etter Enduranceforliset

Livbåtreisa til Elefantøya endre

Shackleton og mannskapet hans byrja ferda nordover på ski og med hundespann for å kome til havet der dei kunne sjøsetje livbåtane sine. Etter å ha gått over isen i fem månader vart alle tre livbåtane sjøsett 9. april 1916. Planen var å segle til Deceptionøya, der det fanst ein landstasjon og forsyningar. Dersom dei siste kvalfangarane hadde reist heim før vinteren, var det eit høve å overvintre her til neste sesong. Ugunstige vind- og straumforhold førte dei likevel til Elefantøya, ei øy som låg utanfor alle fangstområde og seglingsruter, der dei gjekk i land 16. april. Etter å ha vore på øya i to dagar avgjorde Shackleton at ein livbåt måtte segle etter hjelp. Næraste busette land var sørspissen av Sør-Amerika og Falklandsøyane, men livbåten deira var ikkje eigna til passering av Drakesundet. Sør-Georgia 1 300 km unna med dei bemanna kvalfangststasjonane vart utpeikt som redninga deira.

Reisa til «James Caird» og kryssinga av Sør-Georgia endre

24. april 1916 drog Shackleton med seks menn med den 22 fot lange livbåten «James Caird». 22 menn vart igjen på Elefantøya. 8. mai 1916 såg dei sørkysten av Sør-Georgia.[41] Ei stor fjellkjede deler øya og kvalfangsstasjonane låg på nordkysten. Høge bølgjer og undervassrev gjorde at dei ikkje kunne gå til land og det var for risikabelt å prøve å runde øya. Om natta bles det opp til storm og orkan neste morgon med ti meter høge bølgjer. Det vart nok ei natt i livbåten. Ut på ettermiddagen neste dag, 10. mai 1916 kl 17:00 gjekk dei i land i King Haakon Bay etter å ha vore på ein 17-dagar lang segltur frå Elefantøya. Åtte dagar etter ilandstiginga starta Ernest Shackleton, Tom Crean og Frank Worsley kryssinga av øya, noko ingen hadde gjort før dei. Dei tre andre vart igjen på stranda.[42] Soveposane vart lagt att for å spare vekt og i mangel av ryggsekk vart proviant og utstyr putta i lommene. Isbroddar vart laga ved å skru skruane frå livbåten inn i støvlane. Etter å gått i et døgn sette dei seg ned for å kvile, og dei hadde utsikt over Fortuna Bay. Dei visste ikkje kvar dei var, men meinte å dra kjensel på nokre av fjella lengre aust etter vitjinga av øya i november 1914. Dei høyrde ein svak revelje i det fjerne og konstaterte at han tilhøyrde ein kvalfangststasjon. Nokre timar og eit fjellpass seinare såg dei ned på den norske kvalfangststasjonen Strømnes. Fjellturen tok 36 timar i det som viste seg i ettertid å vere den einaste finvêrsperioden på fleire veker. I Strømnes kom dei i kontakt med stasjonsstyraren. Ein båt vart med ei gong sendt rundt øya for å hente dei tre som hadde vorte att.

Berginga endre

Tre dagar seinare, 23. mai, drog Shackleton av stad med kvalfangstskuta «Southern Sky» for å hente mannskapet på Elefantøya. Men på grunn av at det no hadde vorte vinter hadde isen lagt seg, slik at «Southern Sky» måtte snu. Shackleton og mennene hans vart sett i land i Stanley på Falklandsøyane. På grunn av første verdskrigen var det vanskeleg å få tak i skip, men Uruguay stilte eit skip til disposisjon. Nok ein gong vart dei stoppa av ismassane og no var det to månader sidan Shackleton forlét Elefantøya. Tredje forsøk vart gjort med den chilenske selfangstskuta «Emma», men nok ein gong var det store ismassar og dei måtte snu 150 km frå Elefantøya. På det fjerde forsøket med det chilenske skipet «Yelcho» kom Shackleton fram til Elefantøya 30. august 1916 i tjukk tåke. Då tåka letta utpå føremiddagen såg dei leiren og innan ein time var alle som hadde vore att på Elefantøya trygt ombord, på veg mot Punta Arenas.[43]

På Elefantøya endre

 
Mennene som var att på Elefentøya.

Etter at Shackleton drog med «James Caird» tok Frank Wild kommandoen over mannskapet på Elefantøya. Somme av dei var i dårleg forfatning, både fysisk og mentalt: Lewis Rickinson hadde mogelegvis hatt eit hjarteinfarkt; Blackborow klarte ikkje å gå etter å ha fått forfrysningar på føtene; Hudson var deprimert.[44] Laget måtte bygge ly så dei kunne klare seg i løpet av vinteren som raskt nærma seg. Det vart bygd ei hytte med å snu to av båtane opp ned og plassere dei på låge steinmurar. Dette gav dei ei takhøgd på kring 1,8 m, og dette gav dei effektiv ly.[45]

Dei hadde først rekna med at dei måtte vente kring ein månad på å bli berga. Wild nekta å byrje å lagre sel- og pingvinkjøt med tanke på at dei skulle bli lengre, fordi han meinte det var å gje opp.[46] Dette førte til stor usemje med Thomas Orde-Lees. Orde-Lees var ikkje ein populær mann, og at han var på øya gjorde lite til å betre moralen blant mennene.[47]

Då vekene gjekk utan at nokon hadde berga dei, oppretta Wild rutinar for mannskapet som skulle lette keisemda. Det vart oppretta eit permanent utkikkspunkt som skulle sjå etter bergingsskip og det vart oppretta rotasjon på matlaging og husstell, og eit jaktlag for sel og pingvin.[48] Det vart halde konsertar på laurdagar og alle jubileum vart feira, men kjensla av motløyse auka då tida gjekk utan at det var noko skip i sikte. Det gjekk kaldbrann i tærne på venstrefoten til Blackborow, og 15. juni måtte dei amputerast av legane Macklin og James McIlroy i hytta. Dei nytta det siste dei hadde av kloroform og heile operasjonen tok 55 minuttar, og var vellukka.[49]

23. august var det tydeleg at avgjersla til Wild om å ikkje lagre kjøt var ein stor feil. Sjøen kring øya var så tett med pakkis at det var umogeleg for skip å nå fram, matforsyningane var i ferd med å gå tom og pingvinane hadde slutta å kome på land. Orde-Lees skreiv: «Me må ete den av oss som døyr først [...] det er mykje sanning i ord som er sagt i ein spøk».[50] Wild byrja no å planlegge ei eiga båtreise til Deceptionøya og planla å setje av stad 5. oktober i håp om å møte ein kvalbåt[51] men 30. august 1916 nådde endeleg Shackleton og «Yelcho» fram til øya og dei var berga.[52]

Rosshavgruppa endre

 
Aeneas Mackintosh, kommandør for Rosshavgruppa.

«Aurora» drog ut frå Hobart den 24. desember 1914 etter å ha vorte forseinka i Australia etter økonomiske problem og trøbbel med organiseringa. Dei nådde fram til McMurdo-sundet den 15. januar 1915, seinare enn dei hadde planlagt, men dei sette straks i gang med å leggje ut depot langs ruta på Rossisen, sidan dei trudde at Shackleton kanskje kom til å prøve å krysse over frå Weddellhavet i løpet av den første sommaren.[53] Verken mennene eller hundane var akklimatiserte, og heile gruppa hadde særs lite erfaring med istilhøva. Denne første, hastige reisa på isen gjorde at ti av dei atten hundane til gruppa gjekk tapt. Dei klarte å setje ut berre delar av eit depot og gruppa fekk forfrysningar og låg moral.[54]

7. mai låg «Aurora» ankra opp ved hovudkvarteret ved Cape Evans då det sleit seg frå fortøyingane under ein storm og på grunn av drivisen vart ho ført langt til havs. Det vart liggande i isen fram til 12. februar 1916 og hadde då reist kring 2500 km før ho kom seg laus og segla til New Zealand.[55] Ho hadde med seg ombord det meste av brenselet, matrasjonane, kleda og utstyret til gruppa, sjølv om dei hadde sett i land rasjonane som var meint for depota. For å halde fram oppdraget måtte laget som var att på isen forsyne seg sjølv med det som var att etter tidlegare ekspedisjonar, hovudsakleg frå Terra Nova-ekspedisjonen til Scott, som hadde hatt ein base ved Cape Evans nokre år tidlegare. Ved hjelp av improviseringa til gruppa byrja dei å leggje ut depot som planlagt den andre sommaren, i september 1915.[56]

Dei neste månadane vart dei planlagde depota lag ut, med intervall på ein grad, over Rossisen til foten av Beardmorbreen.[57] På reisa attende frå breen vart gruppa råka av skjørbuk. Feltpresten og fotografen Arnold Spencer-Smith kollapsa og omkom på isen. Resten av gruppa nådde den provisoriske hytta ved Hut Point og kom seg på fote att der.[58] 8. mai 1916 valde Mackintosh og Victor Hayward å gå over den ustabile sjøisen til Cape Evans, då dei vart råka av ein snøstorm og ingen såg dei att.[59] Dei sju overlevande måtte vente under harde tilhøve i endå åtte månader til, fram til 10. januar 1917, då «Aurora», som då var reparert, kom attende å henta dei.[60] Shackleton var med på «Aurora» under berginga.[61]

Attende til sivilisasjonen endre

Ekspedisjonsbesetninga hadde sist hatt kontakt med sivilisasjonen i 1914 og var ikkje klar over den første verdskrigen. Meldinga om at Shackleton hadde kome trygt fram til Falklandsøyane vart berre meldt i britiske aviser den 2. juni 1916, overskugga av hendingane i krigen.[62] Ekspedisjonen kom heim att stykkevis, på eit kritisk stadium i krigen, og fekk lite heider og ære. Då Shackleton sjølv kom heim til England den 29. mai 1917, etter ein kort forelesingsturné i USA, vart det knapt lagt merke til.[63]

Dei fleste medlemmane av ekspedisjonen gjekk rett inn i militærteneste. Fleire av ekspedisjonsdeltakarane døydde eller vart hardt skadde under krigen, og fleire fekk krigsmedaljar.[64] Shackleton gjekk inn i hæren som major og gjorde spesialteneste i Murmansk dei siste vekene av krigen.[65] Då krigen var over organiserte han ein siste ekspedisjon til Antarktis, Shackleton–Rowett-ekspedisjonen«Quest», som drog ut frå London den 17. september 1921. Shackleton døydde av eit hjarteslag den 5. januar 1922 , medan «Quest» låg ankra opp ved Sør-Georgia.

Fleire av mannskapet på «Endurance», segla med Shackleton på «Quest», men då han døydde, vart dei opphavlege planane om å utforske mellom anna Enderby Land,[66] skrinlagde.

Det kom til å ta meir enn 40 år før nokon klarte å krysse Antarktis. Dette vart gjort av Commonwealth Trans-Antarctic Expedition 1955–58. Denne ekspedisjonen sette ut frå Vahsel Bay og følgde ei rute som unngjekk Beardmorebreen heilt, og som gjekk om det meste av Rossisen, og dei nådde McMurdo-sundet ved å gå ned Skelton Glacier. Heile reisa tok 98 dagar.[67]

Kjelder endre

  1. Shackleton, Forord til South, s. xi
  2. Huntford, s. 348
  3. Huntford, s. 50
  4. Huntford, s. 350
  5. 5,0 5,1 Murphy s. 87–102
  6. Shackleton, s. 2
  7. 7,0 7,1 Huntford, s. 355–58
  8. Huntford, s. 367
  9. Huntford, s. 362
  10. «Ernest Shackleton, Endurance: Imperial Trans-Antarctica Expedition 1914–17». Cool Antarctica. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 28. oktober 2012. 
  11. Fisher, s. 298
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 Shackleton, s. xii–xv
  13. Tyler-Lewis, s. 214–15
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Fisher, s. 306–07
  15. Huntford, s. 369
  16. The New York Times, «$50,000 Barrie Gift Equips Shackleton», 9. februar 1914
  17. 17,0 17,1 Huntford, s. 375–77
  18. Fisher, s. 306, Shackleton, s. xv. Huntford, s. 370, indikerer at kostnaden var £11 600.
  19. 19,0 19,1 Huntford, s. 370
  20. – Fisher, s. 306
  21. Tyler-Lewis, s. 34–35
  22. Tyler-Lewis, s. 41–48
  23. Tyler-Lewis, s. 222–27
  24. Alexander, s. 10
  25. Alexander, s. 140–41
  26. Fisher, s. 308
  27. «Virtual Shackleton». Scott Polar Research Institute. Henta 30 August 2009. 
  28. Huntford, s. 383–84
  29. Tyler-Lewis, s. 50–53
  30. Fisher, s. 315
  31. 31,0 31,1 Tyler-Lewis, s. 21–22
  32. Huntford, s. 364–65
  33. Fisher, s. 310
  34. Huntford, s. 370–71
  35. Huntford, s. 372
  36. Fisher, s. 311–14
  37. Tyler-Lewis, s. 48–53
  38. Stein P. Aasheim og Arne Nævra (2007). Antarktis. Oslo: Nrk Aktivum. s. 106-109. 
  39. Stein P. Aasheim og Arne Nævra (2007). Antarktis. Oslo: Nrk Aktivum. s. 71. 
  40. Stein P. Aasheim og Arne Nævra (2007). Antarktis. Oslo: Nrk Aktivum. s. 112. 
  41. Stein P. Aasheim og Arne Nævra (2007). Antarktis. Oslo: Nrk Aktivum. s. 120. 
  42. Stein P. Aasheim og Arne Nævra (2007). Antarktis. Oslo: Nrk Aktivum. s. 123. 
  43. Shackleton, s. 218–19
  44. Huntford, p. 533
  45. Mills, pp. 239–40
  46. Mills, p. 241
  47. Mills, pp. 242–50
  48. Mills, s. 250–52
  49. Huntford, s. 532–33
  50. Huntford, p. 541
  51. Alexander, s. 182
  52. Mills, s. 261
  53. Fisher, s. 397–400
  54. Tyler-Lewis, s. 69–105
  55. Shackleton, s. 307–33
  56. Tyler-Lewis, s. 128–44
  57. Tyler-Lewis, s. 145–75
  58. Tyler-Lewis, s. 176–92
  59. Tyler-Lewis, s. 195–97
  60. Tyler-Lewis, pp. 234–43
  61. Tyler-Lewis, p. 231
  62. Huntford, s. 605–06
  63. Huntford, s. 647
  64. Shackleton, pp. 339–41
  65. Fisher, s. 432
  66. Mills, p. 289
  67. Fuchs & Hillary, p. 293

Litteratur endre

Kjelder endre

Vidare lesnad endre

  • Alexander, Caroline: Shackletons legendariske Antarktis-ekspedisjon, Gyldendal, Oslo, 2007. ISBN 978-82-05-37655-7
  • Bickel, Lennard: Shackleton's forgotten men: the untold tragedy of the Endurance epic, Pimlico, London, 2001. ISBN 0-7126-6807-1
  • Lansing, Alfred: Endurance: Shackleton's Incredible Voyage, Weidenfeld and Nicolson, London, 2001. ISBN 0-297-82919-X
  • McKernan, Victoria: Shackleton's Stowaway, Laurel Leaf, London, 2006. ISBN 0-440-41984-0
  • Shackleton, Ernest: South: a memoir of the Endurance voyage, Robinson, London, 1998. ISBN 1-84119-034-9
  • Worsley, Frank A.: Shackleton's Boat Journey, W.W. Norton & Company, London, 1998. ISBN 0-7126-6574-9

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Endurance-ekspedisjonen