Engebret Soot

norsk ingeniør

Engebret Soot (26. mai 17863. mars 1859 Østre Otteid) er kjend som Haldenkanalens far. Han bygde sluser og kanalar for transport av båtar og tømmer.

Engebret Soot

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. mai 1786
Aurskog-Høland kommune
Død

3. mars 1859 (72 år)
Strømsfoss

Yrke ingeniør

Soot var fødd i Aurskog og voks opp på Sootplassen. Han fekk arbeid som smed og tømmermann, og tileigna seg teknisk kunnskap utan å få formell utdanning.[1] I 1825 fekk han stilling som fløtingsinspektør ved Haldenvassdraget.[2]

Minnestøtte ved Ørje sluse over Kanalbyggeren Engebret Soot (1786–1859)
Engebret Soot og to sluser i Haldenkanalen

Kanalbygging endre

  • Frå 1824/25 til 1827 bygde Engebret Soot den 775 meter lange Otteid kanal, den første i sitt slag i Noreg. Dette skjedde etter ønskje frå Fredrikshalds sagbrugseiere. Dei ville få tømmeret raskare ned til byen, ei tid då det tok eit par år å få tømmeret nedover frå Stora Le.
  • 20. juli 1849 opna «Soots kanal», landets første slusekanal. Denne kanalen vart brukt til å fløyte tømmer oppstraums frå Mangenvassdraget til Haldenvassdraget. Kanalen vart kjøpt av Saugbrugsforeningen i 1869, ti år etter at Saugbrugs vart skipa. Kanalen var i drift til 1930.
  • Våren 1852 byrja bygginga av Brekke sluser i Haldenkanalen og 7. juni 1853 vart «Stens-Elvs-Kanalens Aabning» markert. Krappeto-dammen stod ferdig i 1856, slik at anlegget vart teke i bruk i 1857. Det vart øydelagt i 1861, halvtanna år etter at Soot var død.

Ettermæle endre

Dampbåten Engebret Soot gjekk i rute mellom Skulerud og Holmgil brygge på innsjøen Aspern.

Kjelder endre

  1. Wiig, Jan (25. februar 2020). «Engebret Soot». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Engebret Soot». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 26. februar 2020.