Engelbert II von Falkenburg

Engelbert II von Falkenburg (kring 122020. oktober 1274) var erkebiskop av Köln frå 1261 til 1274.

Engelbert II von Falkenburg

Fødd1220
Død20. oktober 1274
Bonn
Tittelkatolsk erkebiskop av Köln, erkebiskop
GravstadBonner Münster
FarDirk I van Valkenburg

Engelbert var yngste son av grev Dietrich I von Heinsberg-Valkenburg og Beatrix von Kyrburg.

I 1253 vart Engelbert prost i Köln. Den 2. oktober 1261 vart han vald til erkebiskop, og vart dermed etterfølgjaren til Konrad von Hochstaden.

Engelbert forsøkte å styrke makta over Köln ved å angripe patrisiarane. Han mislukkast, og i 1263 vart han teken til fange i 20 dagar, før han vart nekta opphald i byen i 1268. Då fekk han bygd ein bustad i Bonn. I 1266 lova han jødane i Köln rettferdig behandling og at dei fekk bruka gravplassen sine i Bonner Straße fritt. Etter nederlaget i slaget ved Zülpich den 17. oktober 1267, vart Engelbert fengsla fram til den 16. april 1271 i Burg Nideggen, slottet til grev Wilhelm von Jülich, som var alliert med Köln. Ved hjelp av ein forrædar vart det grave ein gong under bymuren den 15. oktober 1268 på vegne av erkebiskopen. Natta mellom 14. og 15. oktober 1268 fann eit angrep mot patrisiarfamilien Overstolzen stad, og då forsøkte mennene til erkebiskopen å trengje inn i byen. Planen vart likevel avslørt, og byen Köln behalde sin uavhengnad.

Engelbert krona den tyske kongen Rudolf I den 24. oktober 1273. I 1274 deltok han i det andre konsilet i Lyon.

Engelbert døydde den 20. oktober 1274 og er gravlagt i Bonner Münsterkirken i Bonn.

Kjelder endre