Engelen Gabriel er ein av to namngjevne englar i Bibelen. Namnet tyder «Guds kraft». Den andre namngjevne engelen er erkeengelen Mikael . Dei apokryfe skriftene nemner dessutan engelen Rafael.

Gabriel

Helgendag
Ikon av engelen Gabriel.

Etter katolsk tradisjon er både Mikael, Gabriel og Rafael erkeenglar, eller overenglar, som var ordet som tidlegare vart bruka i nynorske bibelomsetjingar. Men Bibelen nemner berre Mikael som erkeengel. Etter tradisjonen var Gabriel vaktar av Edens hage.

Medan Mikael er engel for endetida, er Gabriel engel for opphavet, engelen som forkynner for Sakarja at kona hans, Elisabet, skal føde Johannes Døyparen, og for Maria og Josef om Jesu fødsel.

I kunsten vert Gabriel framstilt med liljestav, symbol på bodberaren og Marias uskyld.

Vernehelgen endre

Gabriel er vernehelgen for bodberarar av ulike slag. Pave Benedikt XV utropte han til vernehelgen for postvesenet og telefon- og telegrafarbeidarar i 1921. Han er òg vernehelgen for diplomatar, post- og avisbod og for fjernsyn – og for frimerkesamlarar og mot ekteskapeleg barnløyse.

Minnedagen hans har vore feira til ulike tider: Austkyrkja feirar minnedagen 26. mars, dagen etter Maria bodskapsdag. Den katolske kyrkja har slått minnedagane for Mikael, Gabriel og Rafael saman til den 29. september.

Gabriel i dei heilage skriftene endre

Koranen nemner Gabriel jamsides Mikael i kap. 2,92 som Guds sendebod.

Engelen Gabriel er nemnd følgjande stader i Bibelen:

Kjelder endre

De hellige erkeengler Mikael, Gabriel og Rafael