Engelsbergs bruk ligg om lag 10 km søraust for Fagersta i Västmanlands län i Sverige.

Frå Engelsbergs bruk

Engelsbergs bruk vart bygd opp frå 1681 og vart eit av dei mest moderne jarnbruka1700-talet. I nærleiken finst det herregard, park, brukskontor, arbeidarbustadar og industribygg. Engelsberg er det einaste jarnbruket i Sverige som har att både bygg og det meste av den tekniske utrustinga.

På 1700-talet vart bruket eigd av familien Söderhielm og på 1800-talet av familien Timm. Generalkonsul Axel Axelson Johnson kjøpte bruket i 1916, og lét det gå inn i Avesta Jernverk si forvalting. Tre år seinare vart bruket lagd ned. Bruket vart etter kvart overteke av Nordstjernan AB. Riksantikvarieämbetet restaurerte bruket i 1970-åra.

Bruket går inn i økomuseet Ekomuseum Bergslagen.

Engelsbergs bruk er av UNESCO teke med på verdsarvlista over kulturarv, som eit viktig industriminne.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.