Engelsk-nederlandske krigar

Dei engelsk-nederlandske krigane var fire krigar som vart utkjempa mellom Det britiske samveldet og Dei sameinte Nederlanda1600- og 1700-talet. Bakgrunnen for krigane var ein strid mellom dei to landa om kontroll over verdshandelen og koloniar.

Måleriet «Nederlandsk åtak på Medway, juni 1667» av Pieter Cornelisz van Soest, måla om lag 1667 og vise reit slag frå den andre engelsk-nederlandske krigen. Den engelske skipet «Royal Charles» er til høgre for midten.
Engelsk-nederlandske krigar
Første · Andre · Tredje · Fjerde

Spania etter trettiårskrigen ikkje lenger var ein stor maktfaktor var det mogeleg for andre land å forsyne seg av dei portugisiske og spanske koloniane. Dette første til at Det britiske samveldet og Dei sameinte Nederlanda, som hadde vore allierte, kom i konflikt. Nederlendingane hadde den første handelsflåten i Europa, og var dominerande i europeisk handel. Dei hadde òg tatt kontroll over det meste av Portugal sine territorium i Ostindia, noko som gav dei kontroll over den særs lønnsame krydderhandelen. Dei hadde òg fått ein stadig aukande påverknad i handelen med dei engelske koloniane i Nord-Amerika, særleg medan engelskmennene hadde vore oppteke med å utkjempe borgarkrigane. Samstundes hadde den nederlandske marinen vorte neglisjert, medan Oliver Cromwell hadde bygd opp ein sterk engelsk marine. England sitt håp var at ein ved hjelp av flåten kunne fjerne den nederlandske dominansen innan handel.

Den første krigen enda med engelsk siger, men utan av målet om å ta over som leiande handelsnasjon var nådd. Dei to neste enda med nederlandsk siger, medan den siste enda i britane sin favør.

Kjelder endre