53°N 1°W / 53°N 1°W / 53; -1 Engelsk historie er historia til landområdet som i dag er England, ein del av det sameinte kongedømet Storbritannia. Landet har vore samanhengjande folkesett sidan slutten av den siste istida, rundt 12 000 år sidan. Det har også budd neandertalarar her før denne istida.

England har talrike leivningar frå mellom- og yngre steinalder og bronsealderen, som Stonehenge og Avebury. I løpet av jernalderen var England, som resten av øya Storbritannia sør for Firth of Forth, folkesett av keltisktalande menneske, kjend som britonarar. I år 43 byrja den romerske erobringa, og romarane heldt kontrollen over provinsen Britannia fram til utpå 400-talet.

Romersk tilbaketrekking opna for innvandring frå Nord-Europa, av germansktalande folkegrupper som samla blir kalla angelsaksarar. Desse skipa fleire kongedømmer i det som blei dei viktigaste maktområda i noverande er England og i delar av det sørlege Skottland.[1] Angelsaksiske språk, eller gamalengelsk, erstatta tidlegare britonske (keltiske) språk. Angelsaksarane utfordra og var hyppig i strid med britonske statar i Wales, Cornwall, og Hen Ogledd («Gamle nord», britonsktalande delar av Nord-England og Sør-Skottland) og med kvarandre. Frå rundt 800 blei England herja av norrøne folkegrupper, vikingar, hovudsakleg frå Noreg og Danmark. Norrøne folk tok kontroll over store delar av dagens England, særleg den nordlegaste delen. I løpet av denne tida prøvde fleire kongar å sameina dei ulike angelsaksiske kongedøma, noko som til sist førte til at kongedømet England oppstod på 900-talet.

I 1066 invaderte fransktalande normannarar frå Normandie, og erobra til sist heile England. Sambandet til kontinentet blei mykje tettare, men i løpet av mellomalderen var England prega av fleire borgarkrigar og langvarige krigar med andre nasjonar. England erobra Wales1100-talet. Kongedømet England var ein sjølvstendig stat fram det blei gjort til ein vasallstat under Det tysk-romerske riket i 1194 og under Vatikanet i 1212. På 1300-talet etablerte kongedømet England seg på nytt som ein sjølvstendig stat.

Under renessansen herska Huset Tudor over landet. Reformasjonen i England førte til nedlegging av alle klostera i landet, skipinga av ei ny anglikansk kyrkje og religiøs uro som mellom anna føre til den engelske borgarkrigen. Tidleg på 1700-talet blei England og Wales sameint med Skottland for å danna kongedømet Storbritannia. Den økonomiske veksten som kom med den industrielle revolusjonen, førte til at Storbritannia styrte verdas største imperium. I kjølvatnet av at koloniane blei avvikla på 1900-talet blei det meste av imperiet sjølvstendig, men den gjensidige kulturelle utvekslinga mellom England og desse tidlegare koloniane har halde fram til våre dagar.

Forhistorie endre

 
Stonehenge, som ein reknar med blei reist i tida 2500-2000 f.Kr.

Fleire typar menneske har budd i England. East Anglia var folkesett av Homo heidelbergensis for om lag 700 000 år sidan, mens Boxgrove-funnet i Sussex daterer det britiske Heidelberg-mennesket til 500 000 f.Kr.[2] Det er funne spor etter neandertalarar i Sør-England frå før saaleistida (130 000–180 000 f.Kr.) og frå Eem-mellomistida (70 000–130 000 f.Kr.), men det er ikkje funne spor som er nyare enn 30 000 år.[3] I kvartærtida og den postglasiale tida har England fleire gonger vore landfast med det europeiske kontinentet, og har hatt dei same steinalderkulturane som Nordvest-Europa elles.[4]

Yngre dryas blei for 9 000 år sidan avløyst av subtropisk klima, der flodhest og andre tropiske dyr spreidde seg nord til Themsen i England. Det varme klimaet heldt seg i nesten 4 000 år, fram til England blei skild frå det europeiske fastlandet for 5-6 000 år sidan. På denne tida nådde også den vest-europeiske, megalittiske perioden England med bygging av kjempegraver og steinmonument, mellom dei Stonehenge. Vegen Sweet Track i Somerset Levels frå rundt 3800 f.Kr. er den eldste kjerrevegen brulagd med plankar som er oppdaga i Nord-Europa, og er blant dei eldste vegane i verda.[5]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «The Anglo-Saxons», BBC – History.
  2. Stringent 2006, s. 8-9
  3. Paul Rincon, Artefacts hint at earliest Neanderthals in Britain, BBC News Science & Environment, 1 June 2010; Neanderthal clues from mammoth find, BBC News Science/Nature, 25 June, 2002
  4. Bergljot Solberg, England – forhistorie (2011-11-07)
  5. «The day the Sweet Track was built», New Scientist, 16. juni 1990.

Litteratur endre

  • Davie, Norman (1999): The Isles, A History, Oxford University Press, ISBN 0-19-513442-7
  • Downham, Clare (2008). Stefan Brink og Neil Price, red. The Viking World: Vikings in England. Routledge. s. 341–350. ISBN 0-203-41277-X. 
  • Schama, Simon (2000): A History of Britain: At the Edge of the World, 3500 BC – 1603 AD, BBC/Miramax, ISBN 0-7868-6675-6
  • Schama, Simon (2001): A History of Britain, Volume 2: The Wars of the British 1603–1776, BBC/Miramax, ISBN 0-7868-6675-6
  • Schama, Simon (2002): A History of Britain - The Complete Collection on DVD, BBC 2002 ASIN B00006RCKI
  • Trevelyan, G. M. (1944): English Social History: A Survey of Six Centuries from Chaucer to Queen Victoria, Penguin Books (1970, 2000)

Bakgrunnsstoff endre