Engsyre
Engsyre
Engsyre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Slireknefamilien Polygonaceae
Underfamilie: Polygonoideae
Stamme: Rumiceae
Slekt: Syreslekta Rumex
Art: Engsyre R. acetosa
Vitskapleg namn
Rumex acetosa

Matsyre er ei fleirårig urt i syrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Fotografi av engsyreblomen.
Botanisk illustrasjon frå Nordens flora

Planta vert kring 30-90 cm høg, og har blad som er to-tre gonger så lange som breie, oftast to-tre cm breie. Slirehinna er oppflisa etter heile kanten. Engsyre har open fruktstand. Dei ytre blomsterblada er til slutt bøygde oppmed fruktskaftet. Engsyre er vanleg gjennom heile Noreg, og blomstrar kring mai månad i eng og bakkar.

Arten er svært formrik. Fleire av formene har vore skilt ut som eigne artar. Til fjells veks underarten lapponicus. Denne har blad med hjarteforma grunn, oftast ikkje meir enn dobbelt så lange som breie, ofte om lag runde. Slirehinna er berre litt flisa i toppen. På serpentinberg frå Sunnmøre til Nordland og vidare inn i Lycksele Lappmark i Sverige veks underarten serpentinicola, som har smale blad og sterk purpurfarge. Denne er endemisk.

Engsyre inneheld oksalsyre, og kan vera giftig i større mengder. Planten vert trevlerik og hard og er dårleg eigna som fôr, særleg i høy. Dette gjer at han ofte er rekna som ugras i eng og beite. Samstundes har engsyre vore brukt til mat, og kulturformer kan dyrkast som grønnsaksplanter. Engsyre har ein sterkt syrleg smak, og kan brukast i salatar, supper og marinadar.

Kjelder endre

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • «Engsyre» (4. desember 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. september 2014.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Engsyre