Enna

kommune i Italia

Enna (siciliansk Castrugiuvanni; gresk Ἔννα, Enna; latin Henna eller stundom Haenna) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen EnnaSicilia og har om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg høgt over den omliggande landsbygda i ei høgd nesten 1200 meter over havet. Enna er den høgasteliggande provinshovudstaden i Italia.

Enna
Horisonten til Enna
Horisonten til Enna
Plassering
Enna is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Enna
Borgarmeister Gaspare Agnello
Geografi
Flatevidd
 - By

357 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

28 476
  81/km²
Koordinatar 37°33′N 14°16′E / 37.550°N 14.267°E / 37.550; 14.267
Høgd over havet 1196 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 94100, 94100
Telefon-retningsnummer 0935
Nettstad: www.comune.enna.it

Historie endre

Området rundt Enna har vore busett sidan førhistorisk tid. Ennsa var ein viktig by på Sicilia i antikken og ligg nesten så sentralt på Sicilia som ein kjem. Derfor vart byen stundom kalla «navlen til Sicilia». Byen vart grunnlagd på ei svær høgd med bratte klipper på alle kantar, bortsett frå eit par stader som var lette å forsvare. I tillegg var byen rik på vatn medan ei slette med ein omkrins på om lag 5 km vart nytta til jordbruk. Slik sett var byen ein naturleg og sjølvberga festning.

Stephanus av Byzantium skriv at Enna var ein koloni frå Siracusa, grunnlagd 80 år etter moderbyen (654 fvt.), men han er ikkje nemnd som ein av koloniane til Siracusa av andre forfattarar i antikken, og det er lite sannsynleg at innbyggjarane frå Siracusa reiste så langt inn i landet så pass kort tid etter at deira eigen by vart grunnlagd. Dei første kjeldene om Enna tyder på at han var ein siculisk by, dei opphavlege innbyggjarane på Sicilia, som øya er kalla opp etter.

 
Enna sett frå den lombardiske borga

Dionysius I av Siracusa prøvde fleire gonger å erobre byen, først ved å støtte byen og overtale dei til å gje han makta, og seinare med eit åtak. Det var først etter at han hadde erobra fleire av nabobyane i området at han klarte å innta Enna. Under den første punarkrigen vart Enna nemnd fleire gonger. Han vart først erobra av kartagarane under Hamilcar, og så gjenerobra av romarane, men i begge tilfelle med list og ikkje makt. (Diod. xxiii. 9. s. 503; Pol. i. 24.) Under den andre punarkrigen, medan Marcellus var opptatt med omleiringa av Siracusa (214 fvt.) vart Enna åstad for ein frykteleg massakre. Pinarius, guvernøren i Enna, såg at mange av dei sicilianske byane vende seg mot romarane, og i frykt for at sine eigne innbyggjarar skulle gjere det same, lét han den romerske garnisonen samle saman innbyggjarane i teateret og ta livet av samtlege. Han lét så soldatane plyndre byen. (Liv. xxiv. 37-39.)

80 år seinare kom Enna igjen i fokus som hovudkvarteret for den første slavekrigen på Sicilia (134-132 fvt.), som først braut ut her under Eunus. Han tok over makta i Enna og frå denne sentrale posisjonen på øya kunne han styre operasjonane sine og sende ut plyndringstokt på heile øya. Enna var siste by som heldt ut mot prokonsul Rupilius.

Ein høyrer lite om byen i tida etter dette, men med den trygge plasseringa høgt til fjells og midt på øya eksisterte byen kontinuerleg gjennom mellomalderen. I 859 vart han erobra av sarasenarar, som måtte snike seg inn kloakksystemet for å kome gjennom dei mektige forsvarsverka. Dei kalla byen Qas'r Ianni (Johannesfortet), som var ein kombinasjon av qas'r (ei forvrenging av det latinske castrum for «fort»), og «Ianni», som var ei forvrenging av «Henna». Normannarane erobra byen i 1087. Fredrik II, keisaren av Det tysk-romerske riket og konge av Sicilia, oppretta sommarresidensen sin her. Etter at sarasenarane vart drivne bort fekk byen namnet Castrogiovanni (som òg tyder 'Johannesfortet'), eit namn han hadde fram til 1927, då Mussolini endra det tilbake til Enna.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Enna