Entelea
Entelea
Entelea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Grewioideae
Slekt: Entelea
Art: Entelea E. arborescens
Vitskapleg namn
Entelea arborescens

Entelea arborescens eller whau er eit treslag i kattostfamilien (Malvaceae) som er endemiskNew Zealand. E. arborescens er den einaste arten i slekta Entelea. Planten veks som ein busk eller eit lite tre opp til 6 m høgt med store lime-liknande blad som gir det ein tropisk utsjånad. Whau veks i småskog langs vestkysten til Nordøya og den nordlege enden av Sørøya. Dei tørre frøkapslane er tydeleg brune av farge og dekte med tornar. Det vanleg brukte namnet whau er eit maoriord som ser ut til å koma frå det vanlege polynesiske ordet for hibiskus, andre tre i kattost-familien som har ein overflatisk likskap med whau. Elles kan planten til dømes verta kalla «newzealandsk morbær», «korktre» og «eviggrøn lime».

Utsjånad endre

I Malvaceae-familien er Entelea lagt til gruppa Sparrmannieae og undergruppa Grewioideae, ei plassering som er stadfesta ved ndhF DNA sekvensanalyse. Som tilfellet er med dei fleste kattost-plantar, har E. arborescens alternerande bladverk, og klårt grøne blad med lange stilkar. Blada er store (10 til 20 cm lange), og har frå fem til sju bladnerver. Bløminga er overdådig og finn stad mellom tidleg vår og midtsommar (på den sørlege halvkula). Blomane har fire eller fem begerblad og kronblad. Dei er to cm i diameter, duftar godt, er kvite med ein sentral bunt av tettpakka gule støvberarar. Dei brune frøkapslane, som er 1½ cm lange, har 2½ cm lange stive tornar.

Whau har svært lett ved, er i klasse med balsa (Ochroma pyramidale) i så måte, og er mindre tett enn kork. Veden vart brukt av maoriane til flottørar i fiskegarn og liknande. I den ljost brune veden vert det danna fleire snodde, margliknande band kvart år. Dette er eit kjenneteikn som whau deler med nærskylde plantar som til dømes Sparrmannia, og tyder at der ikkje er tydelege årringar i veden.

Vekstområde endre

 
Whau har vakre store blad og kvite blomar.

Arten er svært ljoskrevjande og er ute av stand til å veksa under tette trekruner. Det toler dårleg sjølv moderat kulde, sterk vind eller svært tørr eller dårleg drenert jord. Førekomsten er spreidd, sjølv i uforstyrra kystskog. I regnskogar i låglandet finst whau sjeldan, og berre langs elver i dalstrøk nær kysten der landskapet er tilstrekkeleg varmt, ope og ljost.

Sjølv om whau veks her og der i Nelson og Marlborough på Sørøya, er førekomstane spreidde sør for 38° S. Treet er aldri påvist meir enn åtte km frå sjøen (Waitākere Stream, nær Auckland), eller høgare enn 350 m.o.h.. Minimumstemperaturane i eit område der Entelea skal trivast godt, ligg, så langt ein veit, godt over 0° C.

Økologi endre

I det naturlege voksterområdet sitt overlever whau mest på grunn av den rikelege frøproduksjonen sin, den uvanleg lange overlevinga til frøa, og at treet veks snøgt etter spiringa. I skogar er whau i røynda ein mellombels opportunistart. Eigenskapar hjå denne planten som gjer at han eignar seg i ei slik rolle er mellom anna: Evna til å overta skogbotnen snøgt etter at ljos mellombels når fram, den svært snøgge voksteren, evna til snøgt å setja frukt, den rikelege produksjonen av frø, særleg når det er i ferd med å døy, og den eigenskapen frøa har til å spira så snart kapslane opnar seg. Whaufrø kan verta stimulerte til vokster av ein skogbrann etter at dei har lege oppe på bakken i mange år. Når planten først har spira, etablerer whau seg svært snøgt, og der tilhøva er gode, er whau ofte den første nye planten som veks opp, følgd av Urtica ferox, Macropiper excelsum (Kawakawa), Coprosma macrocarpa og Coprosma australis. Treslag som til vanleg dominerer i skogane kjem seinare til syne, først gjerne Corynocarpus (Karaka), følgd av Beilschmiedia tawa (Tawatre).

Dyrking endre

Whau, som føretrekkjer ei feit og fuktig jord, kan dyrkast utandørs i sol eller lett skugge i mildt klima, eller i eit veksthus i kjøligare vêrlag. Det toler dårleg tørke, og greier seg så vidt i temperaturar ned mot -3°C. Formeiringa skjer ved frø som er kommersielt tilgjengelege.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Entelea