Entrecôte (frå fransk entre côte, 'mellom ribbein') er beinfritt storfekjøt som kjem frå kammen av dyret, mellom ribbeina.

Entrecôte

Entrecôte er ein noko feitare stykningsdel som vert brukt til roastbeef eller tillaga som biff. Internasjonalt vert ordet brukt om ei uspesifisert tjukk skive oksekjøt.

Uttale endre

Uttalen av ordet på fransk er [ãtrƏkot] (lydskrift). Den norske tilnærminga til denne uttalen er gjerne [aŋtrekot]. Men etter mønster av slike franske ord der t-en står heilt i slutten av ordet og difor er stum, vert han òg uttala «feil» som [aŋtreko:].

Kjelder endre

  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.