Hyperparasitt

(Omdirigert frå Epiparasitt)

Hyperparasittar er parasittar som sjølve snyltar på parasittar. Til dømes kan ei rekkje artar snyltekvefs og chalcididar konskevent leggja egga sine i ein annan insektlarve (til dømes ein snyltekvefslarve) som alt er ein parasitt i eit tredje insekt (til dømes ei bladlus).

Ein hyperparasittoid kvefs på kokongane til vertsarten sin som sjølv er parasittoid

Hyperparasittisme er òg kjend på fleire soppar i slekta Ophiocordyceps som endrar åtferda til vertsmaurane. Andre soppartar snyltar nemleg på desse parasittsoppane.[1]

Det er òg observert parasittar som snyltar på hyperparasittar.

Kjelder endre

«hyperparasitt» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 30. juni 2016.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.