Epitermisk
Epitermisk er eit omgrep som tyder energi over det som svarar til termisk likevekt.
Det vert særskild nytta om nøytron i ein reaktor. Vanlegvis reknar ein nøytron med ein energi 1-100 eV som epitermiske, men området er ikkje skarpt definert. Ein epitermisk reaktor er ein reaktor basert på fisjon indusert ved epitermiske nøytron.
Kjelder endre
- epitermisk. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/epitermisk