Epke Jan Zonderland (fødd 16. april 1986) er ein nederlandsk tidlegare turnar frå Lemmer. Han var spesialist i svingstang, ei øving der han i 2012 vart olympisk meister og i tida 2011-19 vart tre gongar verdsmeister og tre gongar europameister.

Epke Zonderland


Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 16. april 1986 (38 år)
Lemmer
Idrett turn
Tok del i

Turn under Sommer-OL 2012 – Svingstang menn, Turn under Sommar-OL 2016, Turn under Sommer-OL 2008 – Svingstang menn, Turn under Sommer-OL 2016 – Svingstang menn

Utmerkingar

ridder av Ordenen av Orange-Nassau

Aktiv endre

Zonderland markerte seg i 2007 ved å vinne bronsemedaljen i skranke i europameisterskapen og verte fjerdemann i svingstang under verdsmeisterskapen. Året etter vart han nummer 7 i spesialøvinga svingstang då Sommar-OL 2008 vart avvikla i Beijing. Sidan vart han andremannn i svingstang under Turn-VM 2009 og Turn-VM 2010. I 2011 vann han gullmedaljen i øvinga ved europameisterskapen i Berlin, samt ein sølvmedalje i skranke.

Under dei olympiske leikane 2012 i London presterte Zonderland nær feilfritt i ei svingstang-øving med høg vanskegrad og sikra seg den olympiske gullmedaljen. De neste to åra vann han svingstang ved i Turn-VM 2013 i Antwerpen, EM 2014 i Sofia og Turn-VM 2014 i Nanning. Etter ein lang skadeperiode kom Zonderland tilbake og fekk sølvmedalje i svingstang ved Turn-VM 2017, og deretter gull i Turn-VM 2018 og Turn-EM 2019.

Kjelder endre