Sjå òg EP-en Eponymous av The Alarm.
Eponymous
Samlealbum av R.E.M.
Språk engelsk, fransk
Utgjeve 17. oktober 1988
Innspelt 1981–1987
Sjanger Collegerock og alternativ rock
Lengd 43:06
Selskap I.R.S. Records
Produsent Joe Boyd, Mitch Easter, Don Dixon, Don Gehman og Scott Litt
R.E.M.-kronologi 
Document
(1987)
Eponymous Green
(1988)


Eponymous er det fyrste samlealbumet til R.E.M., og det vart utgjeve i 1988. Det var den siste autoriserte utgjevinga deira hjå I.R.S. Records, som dei hadde hatt kontrakt med sidan 1982, etter at dei akkurat hadde signert med Warner Bros. Records. Tittelen er eit ordspel over vanen ein i platebransjen har med å vise til eit sjølvtitulert album (t.d. Pretenders) som eit «eponymt album».

Eponymous er kjent for å ha med fleire sjeldne og alternative versjonar av kjende spor. Det strekkjer seg frå EP-en Chronic Town til gjennombrotsalbumet frå året før, Document, og gjev såleis eit greitt overblikk over det tidlege arbeidet til R.E.M.

Albumet har den alternative tittelen «File Under Grain», som viser til omslagsbiletet. Eit tidlegare album, Document, hadde påskrifta «File Under Fire», og Reckoning hadde med orda «File Under Water». På innsida av albumet er det eit bilete av vokalist Michael Stipe med teksten «They Airbrushed My Face» (‘Dei retusjerte ansiktet mitt’) framfor auga.

Det vart sleppt i oktober 1988, berre ein månad før debuten hjå Warner Bros., Green, og nådde 44. i USA og 69. plass i Storbritannia.

Innhald endre

Alle songane er skrivne av Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe. På LP- og kassettutgjevingane gav R.E.M. side éin (spor 1–6) namnet «Early side» og side to (spor 7–12) «Late side».

Side éin – «Early»
  1. «Radio Free Europe» (den opphavlege Hib-Tone-singelen) – 3:47
  2. «Gardening at Night» (anna vokalmiks)1 – 3:30
  3. «Talk About the Passion» (frå Murmur, 1983) – 3:20
  4. «So. Central Rain (I’m Sorry)» (frå Reckoning, 1984) – 3:15
  5. «(Don’t Go Back To) Rockville» (frå Reckoning, 1984) – 4:32
  6. «Cant Get There from Here» (frå Fables of the Reconstruction, 1985) – 3:39
Side to – «Late»
  1. «Driver 8» (frå Fables of the Reconstruction, 1985) – 3:23
  2. «Romance»2 – 3:25
  3. «Fall on Me» (from Lifes Rich Pageant, 1986) – 2:50
  4. «The One I Love» (frå Document, 1987) – 3:16
  5. «Finest Worksong» (miks med trommer og horn)3 – 3:50
  6. «It’s the End of the World as We Know It (And I Feel Fine)» (frå Document, 1987) – 4:05
Notar

1 Alternativ miks i høve til versjonen på Chronic Town.
2 Frå filmmusikkplata til Made in Heaven frå 1987.
3 Nymiksa i høve til versjonen på Document.

Kjelder endre

R.E.M.
Michael Stipe | Peter Buck | Mike Mills | Bill Berry
Diskografi
Studioalbum: Murmur (1983) | Reckoning (1984) | Fables of the Reconstruction (1985) | Lifes Rich Pageant (1986) | Document (1987) | Green (1988) | Out of Time (1991) | Automatic for the People (1992) | Monster (1994) | New Adventures in Hi-Fi (1996) | Up (1998) | Reveal (2001) | Around the Sun (2004) | Accelerate (2008) | Collapse into Now (2011)
EP-ar: Chronic Town (1982) | Not Bad for No Tour (2001)
Samlealbum: Dead Letter Office (1987) | Eponymous (1988) | The Best of R.E.M. (1991) | Singles Collected (1994) | In the Attic (1997) | In Time (2003) | And I Feel Fine (2006)
Andre album: Man on the Moon (1999) | r.e.m.IX (2002) | R.E.M. Live (2007)
Filmar
Succumbs (1987) | Tourfilm (1990) | Pop Screen (1991) | This Film Is On (1991) | Parallel (1995) | Road Movie (1996) | In View (2003) | Perfect Square (2004) | When the Light Is Mine (2006)
Tilknytte artiklar
Athens i Georgia | Alternativ rock | Hindu Love Gods | The Troggs | Athens Andover | I.R.S. Records | Warner Bros. Records | Hib-Tone