Erik Brofoss

norsk politikar

Erik Brofoss (21. juni 19087. mai 1979), fødd i Kongsberg, var ein norsk økonom, jurist og politikar som representerte Arbeidarpartiet.

Erik Brofoss

Erik Brofoss i 1946
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juni 1908
Kongsberg kommune
Død

7. mai 1979 (70 år)
Oslo

Yrke samfunnsøkonom, politikar, bankier, jurist, friidrettsutøvar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Erik Brofoss vart cand.jur. i 1931 og cand.oecon. i 1938. Han blei knytt til Londonregjeringa i 1942.

Erik Brofoss blei statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) i Einar Gerhardsen si andre regjering, den reine Arbeidarpartiregjeringa, frå 5. november 1945. 6. desember 1947 tok han over Handels- og skipsfartsdepartementet, og blei handelsminister, eit departement han sjølv foreslo oppretta.[1] Dette statsrådsvervet hadde han også i Oscar Torp si regjering frå 19. november 1951 til 2. juni 1954. Han var også bestyrande statsråd i Industridepartementet i tida 18. mai 1953 til 14. september 1953.

Då Brofoss gjekk ut av regjeringa blei han sentralbanksjef i Norges Bank. Han gjekk av i 1970, då han blei direktør for det internasjonale pengefondet (IMF), der han var til 1973.

Brofoss hadde stor innverknad på den økonomiske politikken som blei ført etter 2. verdskrigen. Han var særleg oppteken av realøkonomi - det vil seie at produksjonen skulle vere grunnlaget for levestandarden, ikkje pengane.[2]

I unge år var Brofoss ein talentfull friidrettsutøvar. I 1928 tok han NM-sølv på 100 meter etter ha sprunge på 11,1. I 1930 deltok han i friidrettslandskampen mot Sverige på Bislett stadion. Den personlege rekorden hans på 100 meter var 10,8, noko som framleis er klubbrekord i Kongsberg IF.[3]

Kjelder endre

Erik Brofoss hos Stortinget.no

Referansar endre

  1. Kongsberg Kommune om Erik Brofoss vei
  2. Gerhardsen, Einar: Samarbeid og Strid - Erindringer 1945-1955, Tiden Norsk Forlag (1971)
  3. Kongsberg idrettsforenings eldre historie