Erik S. Reinert

norsk professor og økonom

Erik Steenfeldt Reinert (fødd 15. februar 1949) er ein norsk entreprenør og heterodoks (annleistenkande) økonom.

Erik S. Reinert

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1949 (75 år)
Oslo
Yrke samfunnsøkonom, universitetslærar, økonomihistoriker

Reinert blei fødd i Oslo, og gjekk på universiteten St. Gallen i Sveits (der han studerte økonomi), Harvard universitet (MBA) og Cornell universitet (Ph.D). Under studia sine tilbrakte han mykje tid i Latin-Amerika der han jobba med landsbyutvikling i Andesfjella i Peru og i privat industri. I 1972 grunnla han eit lite industrifirma (målingsprøvar til måling og bilindustri) i Bergamo, Italia. Etter kvart la han fabrikkar til Noreg og Finland, og fram til Reinert selde frimaet i 1991 var det eit av dei største foretaka i Europa i sitt slag.

Reinert byrja så å jobba med STEP-gruppa i Oslo (1991-1995) og blei seinare direktør for "forskning for norsk inverstorforum", ein idébank oppretta av større norske selskap (1995-2000). Seinare hadde han ei deltidstilling for senteret for utvikling og miljø (SUM), ein forskningsinstitusjon etablert av UiO. I 2000 blei han leiar for The Other Canon Foundation, eit lite nettverkt for annleistenkjande økonomisk forskning. Sidan 2004 har han vore professor for teknologi og styresett og utviklingstategiar ved Universitetet i Tallinn, Estland. Sidan 2005 har han også fungert som seniorforskar for NORISS , eit nytt Oslobasert norsk institutt for strategiske studie.

Publikasjonar endre

  • Redigert saman med KS Jomo: The Origins of Economic Development. How Schools of Economic Thought have Addressed Development. London/New Delhi, 2005.
  • Global Økonomi. Hvordan de rike ble rike og hvorfor fattige blir fattigere . Oslo, 2004. Beograd, 2006.
  • Globalization, Economic Development and Inequality: An Alternative Perspective. Cheltenham, 2004.
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.