Erikstadfjorden

fjord i Lødingen i Nordland

68°27′05″N 15°47′58″E / 68.45139°N 15.79944°E / 68.45139; 15.79944 Erikstadfjorden er ein fjordarm av Kanstadfjorden i Lødingen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 5,5 km nordvestover til Litlefjorden.

Fjorden har innløp ved Straumsøya og det smale sundet Straumen. Her kryssar Riksveg 837 fjorden. Vegen følgjer sørsida av fjorden eit stykke innover før han svingar sørover. Det er ingen busetnader ved fjorden, men Erikstad, som fjorden er kalla opp etter, ligg like sør for innløpet. Inst i fjorden ligg den 700 meter lange Litlefjorden innanfor eit svært smalt sund.