Nidaros erkebispedøme
- For det lutherske bispedømet, sjå Nidaros bispedøme.
Nidaros erkebispedøme var eit katolsk erkebispedøme med sete i Nidaros. Det vart oppretta av kong Olav Kyrre mellom 1070 og 1080 som bispedøme. Bispedømet vart opphøgd til erkebispedøme i 1153. Erkebispedømet vart innstifta av pave Anastasius IV i 1154, og var i funksjon fram til reformasjonen i 1537. Erkebiskopen sitt hovudsete var Erkebispegarden, rett ved domkyrkja Nidarosdomen. Frå 1152 til 1154 var Nicholas Breakspear i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av erkesetet.
Utbreiing og jurisdiksjon endre
Erkebispedømet omfatta i tillegg til Noreg øyane i vest i Noregsveldet. Nidaros var eit metropolitanerkebispedøme med fylgjande underliggjande bispedøme suffraganar:
- Bjørgvin bispedøme
- Oslo bispedøme
- Hamar bispedøme
- Stavanger bispedøme
- Kirkjubø katolske bispedøme på Færøyane
- Kirkjuvåg katolske bispedøme på Orknøyane
- Peel katolske bispedøme på Man
- Skålholt katolske bispedøme på Sør-Island
- Holar katolske bispedøme på Nord-Island
- Gardar katolske bispedøme på Grønland
Overhyrdar endre
Lydbiskopar endre
Lydbiskopane var knytt til kongen, og ikkje til eit bispedøme, men vart rekna som forløparar for dei eigentlege biskopane av Nidaros.
Biskopar endre
År | Biskop | Anna |
? | Grimkjell | Olav den heilage sin hirdbiskop |
? | Sigurd munk |
Biskopar endre
År | Biskop | Anna |
? | Adalbrikt | Innsett av Olav Kyrre |
? | Simon | Levde i 1139 |
? | Ivar Kalfsson | |
?–1151 | Reidar | Truleg utnemnd til erkebiskop i Roma, døydde på heimvegen |
Erkebiskopar endre
År | Biskop | Anna |
1153–1157 | Jon Birgisson | |
1158/59–1188 | Eystein Erlendsson | Rekna som helgen etter at han døydde |
1188–1205 | Eirik Ivarsson | |
1206–1214 | Tore I | |
1215–1224 | Guttorm | |
1225–1226 | Peter av Husastad | |
1227–1230 | Tore II «den trøndske» | |
1231–1252 | Sigurd Eindridesson | |
1253–1254 | Sørle | |
1255–1263 | Einar | |
1265–1267 | Håkon | |
1267–1282 | Jon Raude | |
1287–1309 | Jørund | Noregs siste jarl |
1309–1331 | Eiliv | |
1333–1346 | Pål | |
1346–1349 | Arne | |
1350–1370 | Olav | |
1371–1381 | Trond | |
1382–1386 | Nicolaus Rusare | |
1387–1402 | Vinald | |
1402–1428 | Eskill | |
1428–1450 | Aslak Bolt | |
1452–1458 | Henrik Kalteisen | |
1458–1474 | Olav Trondsson | |
1475–1510 | Gaute | |
1510–1522 | Erik Valkendorf | |
1523–1537 | Olav Engelbrektsson |