Erling Kristvik

norsk professor

Erling Kristvik (30. august 18829. januar 1969) var ein norsk pedagog og lærarutdannar. Han var fødd på Averøya. Kristvik tok eksamen ved Volda lærarskule i 1908, og han var sjølv lærar ved same skulen fram til 1913. Deretter var han lærar ved Møre folkehøgskule i Ørsta i to år, rektor ved Tromsø lærerhøgskole 1915-23, rektor ved Hamar lærerhøyskole 1923-25, skoledirektør i Nordland og Troms 1925-30,

Erling Kristvik
Fødd30. august 1882
Kornstad
Død9. januar 1969
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
Alma materVolda lærarhøgskule

Han var rektor ved Volda lærarhøgskule i Volda frå 1930 til 1946, og bestyrte eit professorat ved Norges lærarhøgskole frå 1946 til 1952. Mellom bøkene hans er Læraryrket frå 1925, Sjelelære frå 1937, og Elevkunne frå 1939.[1][2][3]

Referansar endre

  1. «Erling Kristvik». Store norske leksikon. Henta 16. juli 2019. 
  2. «Erling Kristvik». Allkunne. Henta 16. juli 2019. 
  3. Vegard Kvam (2009). Livsnær skole : en historie om Erling Kristvik og den fådelte skolen. Oslo: Abstrakt. ISBN 9788279352754.