Erling Meirik

norsk fotballspelar

Erling Meirik (fødd 17. desember 1948) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Levanger, som vann både serie- og NM-gull med Rosenborg BK i 1971. I tida 1972-75 aksla han den norske landslagstrøya 13 gongar.

Erling Meirik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. desember 1948 (75 år)
Levanger kommune
Idrett fotball

Klubbspel endre

Meirik hadde spelt for både Sverre og Nessegutten i heimbyen Levanger, før han framom 1970-sesongen melde seg inn i Rosenborg BK. I sin fyrste sesong vart han toppskårar for klubben i eliteserien med sine 5 mål og vann seriesølv med eit ultradefensivt mannskap. Året etter vart han både seriemeister og noregsmeister, Rosenborg sigra med 4-1 over Fredrikstad FK i cupfinalen. Meirik spelte 134 seriekampar og skåra 14 mål for Rosenborg i tida 1970-76.

Landslagsspel endre

Meirik spelte 12 av sine 13 landskampar i 1972 og 1975, då han var fast på høgrebacken til det norske landslaget.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1971 med Rosenborg
  • Noregsmeister: 1971 med Rosenborg
  • Tapande cupfinalist: 1972 og 1973 med Rosenborg

Kjelder endre

NFF-profil