Erna Solberg

norsk tidlegare statsministar

Erna Solberg (fødd 24. februar 1961) er ein norsk politikar for Høgre. Ho var statsminister i Noreg frå 2013 til 2021. Solberg har vore partileiar i Høgre sidan 2004, og vart vald inn på Stortinget frå Hordaland sidan 1989. I 2005 vart ho òg parlamentarisk leiar. Solberg var leiar i Høgrekvinner sitt Landsforbund 1993–1994, kvinnepolitisk leiar i Høgre 1994–1998, kommunal- og regionalminister 2001–2005 og første nestleiar i Høgre 2002–2004.

Erna Solberg

Erna Solberg i 2016
Foto: Tore Sætre
Fødd24. februar 1961 (63 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, statsminister
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
Langhaugen videregående skole
EktefelleSindre Finnes
VervStatsminister i Noreg 16. oktober 2013–14. oktober 2021
FøregangarJens Stoltenberg
VervParlamentarisk leiar for Høgre 9. oktober 2005–30. september 2013
FøregangarOddvard Nilsen
EtterfylgjarTrond Helleland
VervLeiar for Høgre 9. mai 2004–
FøregangarJan Petersen
VervKommunal- og regionalminister 19. oktober 2001–17. oktober 2005
FøregangarSylvia Brustad
EtterfylgjarÅslaug Haga
VervKvinnepolitisk leiar i Høgre 10. april 1994–29. mars 1998
EtterfylgjarSonja Sjøli
Alle verv

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Erna Solberg vart fødd i Arna[1], som den gong var ein del av Haus kommune, i 1961 som dotter av konsulent Asbjørn Solberg (1925–1989) og kontorfullmektig Inger Wenche Torgersen (1926–). Faren var tilsett i Bergen Sporvei, og Erna Solberg voks opp som den mellomste av tre søstrer.[2] Ho var først elev ved Nygård skule. Med dysleksi var ikkje skulegangen utan vanskar,[3] men ho fekk først påvist diagnosen som 16-åring, og naut godt av sterke muntlege evner.[4] På fritida var ho skulemusikant og aktiv speidar i KFUK, og tok pianotimar.[2]

Solberg har studiekompetanse frå Langhaugen vidaregåande skule frå 1979. Ho er utdanna cand. mag. med mellomfag i sosiologi, mellomfag i samanliknande politikk, kurs i statistikk, mellomfag i sosialøkonomi og hovudfagskurs i statsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 1986. Ho har òg deleksamen frå hovudfag i sosialøkonomi frå same universitet frå 1988.

Erna Solberg har vore gift med siviløkonom Sindre Finnes (1964–) sidan 1996, som tidlegare har vore både tilsett og tillitsvald i Høgre, og saman har dei to born.[3][5] For sitt bidrag i heimen vart Finnes kåra til «Årets mann» av Høgres Kvinneforum i 2002.[5] Familien har vore busett både i Rådal i Bergen og i Oslo.[2][5]

Karriere endre

Lokalpolitikar endre

Allereie som gymnasiast tok ho på seg verv som medlem av arbeidsutvalet i Bergens Unge Høgre 1978–1979, leiar for Operasjon Dagsverk i 1979, medlem av sentralstyret i Norges Gymnasiastsamband 1979–1980 og elevrepresentant i Rådet for vidaregåande opplæring 1979–1980. Solberg var seinare lønna sekretær i Operasjon Dagsverk 1983–1985.

I studietida hadde Solberg ei rekkje tillitsverv som varamedlem av Bergen bystyre 1980–1983, medlem av Bergen skulestyre 1980–1983, formann i Bergen Unge Høgre 1980–1982, nestformann i Hordaland Unge Høgre 1980–1981, formann i Bergen Konservative Studenterforening 1985–1986, formann 1985–1987 og nestformann 1987–1989 i Sandviken Høgre, medlem av arbeidsutvalet i Bergen Høgre 1986–1988 og valkampleiar i Bergen Høgre framom bystyrevalet i 1987. Etter valet tok ho sete som medlem av bystyret og varamedlem av formannskapet fram til 1989, da ho vart friteken frå verva.

Stortingsrepresentant endre

Som kommunal- og regionalminister arbeidde ho særleg for eit styrkt velferdstilbod innanfor ei ramme av færre og sterkare kommunar, i tillegg til regionalt samarbeid på tvers av fylkeskommunane.[6] Ho reformerte òg den norske asyl-, flyktning- og innvandringspolitikken, og etablerte ein fungerande praksis for rask behandling av asylsøknader utan grunnlag.[6] Sidan ho tiltredde som partileiar i 2004, har Solberg særleg vektlagt den sosiale delen av – og det verdimessige grunnlaget for – Høgre sin politikk. Partiet har òg teke ei meir utprega pragmatisk retning.[7]

Etter stortingsvalet i 2009 steig oppslutninga rundt Høgre som parti og Solberg som statsministerkandidat mykje på meiningsmålingane.[7] Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 vart Høgre sitt beste sidan 1979. Framom stortingsvalet i 2013 var det eit uttalt mål for Høgre å danne ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre med Solberg som statsminister.[8] Resultatet vart ei regjering med Frp og Høgre som hadde ein avtale med Venstre og Krf i Stortinget.[9] Etter Stortingsvalet 2017 hadde Solberg framleis det parlamentariske grunnlaget for regjeringa si, og Venstre vart del av regjeringa i byrjinga av 2017. Hausten 2018 vedtok Kristeleg Folkeparti å forhandle om å gå inn i regjeringa dei med.

Skandalar endre

Hausten 2023 vekte ektefellen hennar, Sindre Finnes, åtgaum etter at det vart kjent at han hadde utført 3 643 aksjetransaksjonar medan Solberg var statsminister; dette medførte at Solberg var inhabil i somme saker medan ho var statsminister.[10][11] Sentralstyret til Høgre har uttrykt sin tillit til Erna Solberg.[12]

Utmerkingar endre

I 2005 vart Solberg utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder endre

  1. «Sjampanjen lot vente på seg på Arna stasjon». 
  2. 2,0 2,1 2,2 Johansen, Per Kristian (9. februar 2009). «Stjerneklart. Erna Solberg». NRK. Henta 11. september 2012. 
  3. 3,0 3,1 Solvoll, Einar (6. februar 2004). «Solbergs hjemmesjef». Aftenposten. Henta 11. september 2012. 
  4. NTB (8. september 2012). «Solberg vil gi dyslektikere tilbake fri PC». Stavanger Aftenblad. Henta 11. september 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Kvalheim, Svein (4. februar 2004). ««Det står alltid en mann bak»». Bergens Tidende. Henta 11. september 2012. 
  6. 6,0 6,1 Hellberg, Lars. «Erna Solberg». Norsk biografisk leksikon. Henta 11. september 2012. 
  7. 7,0 7,1 Alstadheim, Kjetil B. (22. desember 2012). «Solberg-og-dal-banen». Dagens Næringsliv: 2. 
  8. Krüger, Robin; Løset, Kjetil (6. januar 2013). «Slik vil de borgerlige styre Norge». TV 2. Henta 7. januar 2013. 
  9. http://www.regjeringen.no/nb/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/smk/Nyheter-og-pressemeldinger/pressemeldinger/2013/erna-solbergs-regjering-utnevnt.html?id=742867
  10. «Erna Solberg fikk liste med ukjente aksjehandler uken før valget», www.vg.no (på norsk bokmål), 17. september 2023, henta 18. september 2023 
  11. Mathias Ogre; Ragnhild Vartdal; Jørgen Indrøy Strømsnes; Pål A. Solheimsnes; Balder Haarklou Jensen & Erik Tangen. «Økokrim vurderer etterforskning – dette avgjør om handelen var ulovlig» (på norsk bokmål). e24. Henta 18. september 2023. 
  12. «Høyres sentralstyre har full tillit til partileder Erna Solberg». Dagsavisen (på norsk). 15. september 2023. Henta 17. september 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Erna Solberg
  Commons har multimedium som gjeld: Erna Solberg