Ernst Gideon von Laudon

Baron Ernst Gideon von Laudon (opphavleg Laudohn eller Loudon, 13. februar 171714. juli 1790) var ein austerriksk feltmarskalk og ein av dei mest suksessrike kommandantane på 1700-talet. Han vart visstnok hylla av Aleksander Suvorov som læremeisteren sin.

Ernst Gideon von Laudon
tysk Ernst Gideon Freiherr von Laudon

Fødd13. februar 1717
FødestadĻaudona
Død14. juli 1790
DødsstadNový Jičín
Rangfeltmarskalk, generalissimus
Eininglett infanteri
KonfliktarDen polske arvefølgjekrigen, Den russisk-tyrkiske krigen, Den austerrikske arvefølgjekrigen, Sjuårskrigen, Den bayerske tronfølgekrig, Austro–Turkish War of 1788-1791
Adelstittelbaron

Bakgrunn endre

Von Laudon var fødd i Tootzen (Ļaudona) i dagens Latvia. Familien Laudohn hadde tyske, lettgalliske og skotske anar, og hadde slått seg ned nær Ļaudona aust i Latvia før 1432. I 1732 vart Laudon send inn i den russiske hæren som kadett. Han tok del i feltmarskalk Munnich si omleiring av Gdańsk i 1734 under den polske arvefølgjekrigen og i den russisk-tyrkiske krigen i 1735-1739.

Han var ikkje nøgd med framtidsutsiktene sine i det russiske forsvaret i 1741 og søkte militærteneste andre stader. Han søkte først hos Fredrik den store, som ikkje ønskte tenestene hans. I Wien hadde han større lukke og vart kaptein i frikorpset til Trenck. Han tok del i herjingane deira, men ikkje grusamheitene, fram til han vart skadd og fanga i Alsace. Han vart sleppt fri etter kort tid av den austerrikske armeen.

Vidare tente han under Trenck i dei schlesiske fjella i 1745, der han utmerkte seg som ein god leiar. Han var òg til stades under slaget ved Soor. Han tok avskjed kort tid etter på grunn av lovløysa krigskameratane hans synte og den lange ventetida i fattigdom. Etter lang tid vart han gjort kaptein av eit regiment, og hadde dei neste ti åra ein delvis militær, delvis administrativ jobb i Karlstadt-området. Ved Bunich, der han var stasjonært, bygde han ei kyrkje og planta ein eikeskog som i dag har namnet hans. Han vart forfremma til oberstløytnantsjuårskrigen braut ut og han vart kalla til felten igjen. Det var frå denne tida han vart kjend som soldat. Han vart raskt forfremma til oberst og utmerkte seg gong på gong, og vart i 1757 Generalfeldwachtmeister (generalmajor for kavaleriet) og ein riddar i den nyoppretta Maria Teresia-ordenen.

Sjuårskrigen endre

I felttoget i 1758 kom han ut i kamp som øvstkommanderande og gjorde det så godt at Fredrik den store måtte gje opp omleiringa av Olomouc og trekke seg attende til Böhmen (slaget ved Domašov, 30. juni). Han vart forfremma til visefeltmarskalk og synte seg igjen som ein aktiv og dristig kommandør i slaget ved Hochkirch. Han fekk status som Freiherr i den austerrikske adelen av Maria Teresia og innlemma i adelskapet i Det tysk-romerske riket av ektemannen hennar, keisar Frans I. Maria Teresia gav han òg storkrossen i ordenen ho hadde oppretta og ein eigedom nær Kutná Hora i Böhmen.

Han vart send med austerrikarane i lag med russarane til Oder der han deltok i slaget ved Kunersdorf under Pjotr Saltykov. Den russisk-austerrikske armeen tok her ein stor siger, og Laudon vart forfremma til Feldzeugmeister og gjort øvstkommanderande i Böhmen, Mähren og Schlesien. I 1760 utsletta han eit heilt korps av armeen til Fredrik under Fouqué i slaget ved Landeshut og storma den viktige festninga i Glatz. I 1760 møtte han motgang slaget ved Liegnitz (15. august 1760) mot Fredrik. Dette førte til bitter krangling med Daun og Lacy, kommandantar i hovudarmeen, som Laudon hevda ikkje hadde kome han til unnsetning. I 1761 heldt han fram operasjonane i Schlesien, men fann sine russiske allierte redd av seg etter Kunersdorf og alle forsøka på å ta den forskansa leiren til Fredrik ved Bunzelwitz vart mislukka. Han nytta seg av høve som brått oppstod og storma Schweidnitz natt til 1. oktober 1761. Den utrøyttelege aktiviteten hans heldt fram til slutten av krigen, i motsetnad til strategien til Daun og Lacy, som heller retta seg etter tid og omstende. Det har seinare vorte hevda at ein mellomting mellom den tilbakehaldne haldninga til Daun og den aggressiviteten Laudon synte hadde vore det meste for austerrikarane, og dei tre siste åra var markert av stadig fleire gnissingar mellom dei to kommandantane.

Seinare karriere endre

Etter frede, då Daun vart den eigentlege øvstkommanderande til austerrikarane, hamna Laudon i bakgrunnen. Han fekk fleire tilbod frå andre hald, mellom anna Fredrik den store, om å overføre tenestene sine, men Laudon avslo alle desse etter lang tids forhandlingar. Lacy overtok etter Daun som øvstkommanderande og Laudon vart generalinspektør for infanteriet. Usemja mellom Laudon og Lacy heldt likevel fram og då Josef II, som var ein nær ven av Lacy, trekte Laudon seg tilbake til eigedomen sin i Kutná Hora.

Maria Teresia og Kaunitz fekk derimot gjort han til øvstkommanderande av Böhmen og Mähren i 1769. Denne posten hadde han i tre år før han igjen trekte seg attende. Igjen pressa Maria Teresia på for å få han til å verte verande i forsvaret, og då eigedomen hans hadde fall i verdi på grunn av problema i Böhmen på denne tida, kjøpte Maria Tereisa eigedomen tilbake for ein høg pris. Laudon slo seg så ned i Hadersdorf nær Wien og vart kort tid etter feltmarskalk.

I 1778 kom den bayerske arvefølgjekrigen. Josef og Lacy var no forsona med Laudon og Laudon og Lacy kommanderte to armear i felten. Denne gongen ytte ikkje Laudon det han var god for, medan Lacy, som stod imot Fredrik sin eigen arme, oppnådde stor suksess.

I to år levde Laudon fredeleg i Hadersdorf, men i 1787 braut ein ny krig ut mot tyrkarane, den austerriksk-tyrkiske krigen 1787-1791. Dei kommanderande generalane i krigen gjorde det dårleg, og Laudon vart dermed kalla inn ein siste gong i felten. Gammal og med dårleg helse vart han likevel gjort øvstkommanderande, og i 1789 synte han for siste gong storheita si då han erobra Beograd.

Han døydde i løpet av året i Nový Jičín (Neu-Titschein) i Mähren (dagens Tsjekkia) medan han var i teneste. Laudon vart gravlagd i Hadersdorf.

Kjelder endre