Erobringa av York Factory

Erobringa av York Factory (1694) var ein av konfliktane i Kong Vilhelm-krigen ved Hudsonbukta. I 1686 marsjerte Pierre Le Moyne d'Iberville over land frå Quebec og erobra alle dei engelske handelsstasjonane ved James Bay. Engelskmennene hadde då berre York Factory att, som var for langt borte og berre tilgjengeleg sjøvegen. I 1688 starta Kong Vilhelm-krigen og det var vanskeleg å få tak i skip. I 1690 prøvde Iberville å ta take York Factory men vart driven bort av eit større engelsk skip. I 1694 gav guvernør Frontenac han «Salamandre» og «Poli». Iberville nådde Nelson River den 14. september. Fortet vart kringsett og den 14. oktober overgav det seg.

Kong Vilhelm-krigen
Hudson Bay: Hudson Bay (1686) · 1. Fort Albany · 2. Fort Albany · York Factory · Hudsonbukta i 1697

Quebec, New York og Newfoundland: Lachine  · Schenectady · Quebec · La Prairie · Mohawk Valley · Newfoundland


Acadia og Ny-England: Dover · 1. Pemaquid · Salmon Falls · Port Royal · Falmouth · Chedabucto · York · Wells · Oyster River · Bay of Fundy · 2. Pemaquid · Chignecto · Fort Nashwaak

Av dei 53 mennene som overgav seg var Henry Kelsey. Stasjonen fekk det nye namnet Fort Bourbon. Sidan det var seint på året måtte både franskmennene og fangane deira overvintrer der. Då isen braut opp hadde mange på begge sider omkomme av skjørbuk. Iberville venta, og håpte på å kapre dei årlege engelske forsyningsskipa. I september hadde dei enno ikkje kome, så han forlet 70 mann ved fortet og segla til La Rochelle med den verdifulle pelslasta.

Sigeren til Iberville fekk ikkje noko å sei. Året før, i 1693, hadde engelskmennene gjenerobra Fort Albany sør i James Bay. Ti månader etter Iberville reiste gjenerobra engelskmennene York Factory.

Kjelder endre