Ertholmane òg ofte berre kalla Christiansø, er ei lita øygruppe 18 km nordaust for Bornholm i Austersjøen. I dag har øyane eit permanent folketal på 96 (2008) og eit areal på 39 hektar. Ertholmane høyrer til Danmark og er det austlegaste punktet i landet.

Ertholmane
Christiansø in 2001
Christiansø in 2001
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 55°19′N 15°11′E

Tal på øyar 3
Store øyar Christiansø, Frederiksø, Græsholm
Areal 39 ha (samla) km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Høyrer berre til staten

Demografi
Folketal 96 (2008)

«Gate» på Christiansø
Christiansø og Bornholm

Ertholmene består av tre hovudøyar, Christiansø (kalla opp etter Christian V), Frederiksø (kalla opp etter Fredrik IV) og Græsholm, pluss fleire holmar og skjer. Dei mest kjende av desse er Tat og Østerskær, det austlegaste punktet i Danmark. Christiansø har eit areal på 22,3 hektar, Fredriksø 4 og Græsholm 11. Berre Christiansø og Frederiksø er busett, medan Græsholm er eit fuglereservat. Sundet mellom Christiansø og Frederiksø, ei godt verna hamn, er kryssa av ein gongbru, som ein kan dra til sides for å la større fartøy passere.

Fiskarar frå Bornholm har gått i ly på Ertsholmane sidan mellomalderen. Den første permanente busetnaden her kom som eit resultat av den dansk-svenske konflikten seint på 1600-talet. Danmark trengde ein marinebase sentralt i Austersjøen, og ei festning vart bygd på Christiansø og Frederiksø i 1684, som ein utpost for den danske marinen fram til 1855. Folkesetnaden var på det høgaste i 1810, då det budde 829 menneske her. Mange historiske bygningar er i dag heimar for folka som bur der i dag, og andre vert leigd ut til sommarturistar kvart år. Øya og bygningane her har endra seg lite dei siste 300 åra. Christiansø er omringa av tjukke granittmurar med gamle kanonar som peiker ut mot havet, og er eit flott område for turistar. Ein tidlegare del av fortet, Store Tårn på Christiansø har hatt eit fyr dei siste 200 åra, medan eit lite rundt tårn på Frederiksø, Lille Tårn, fungerer som eit museum.

Øyane er eigd av state, og høyrer ikkje til noko kommune eller region. Dei vert styrt av ein administrator som vert utpeikt av den danske regjeringa. Hovudnæringane på øya er fiske og turisme, og kvart år kjem det om lag 80 000 turistar her, dei fleste på dagstur frå Bornholm.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ertholmane

Kjelde endre