Espen Agdestein

Norsk sjakkspelar, manager for Magnus Carlsen

Espen Agdestein (fødd 7. februar 1965) er ein norsk sjakkspelar, mest kjend som manager for den noverande verdsmeisteren i sjakk Magnus Carlsen.

Espen Agdestein

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. februar 1965 (59 år)
Yrke sjakkspelar, talent manager, idrettsagent

Espen Agdestein grunnla magasinet Art of Taste i 2001, som han seinare selde til Hjemmet Mortensen i 2006. Han arbeidde som direktør i Hjemmet Mortensen i åra 2006-2009. Han slutta i jobben i 2009 for å arbeide som manager for Magnus Carlsen, som då berre var 18 år.[1] I eit intervju med Stavanger Aftenblad sa Espen Agdestein at jobben som manager for Magnus Carlsen viste seg å bli meir hektisk enn han hadde venta.[2]

Espen Agdestein er deleigar og sit i styret for Magnus Carlsen sitt selskap Play Magnus,[3] der Anders Brandt er styreleiar og Kate Murphy er dagleg leiar.[4] Espen har sagt at "Play Magnus er Magnus Carlsen sitt verkty for å bringe sjakk til verda".[5]

Espen Agdestein er sjølv ein sterk sjakkspelar, FIDE-meister i sjakk, med ein høgaste FIDE-rating på 2403 i 2004-2005, og noverande FIDE-rating på 2372.[6] Espen Agdestein deltok på det norske laget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i 1984 og 1994, begge gongar som 2. reserve. Han tok 3 av 7 i 1994, +1 =4 -2, men gjorde det svært bra i 1994 med 6,5 av 9, +4 =5.[7] Dette siste resultatet var også eit IM-napp.[8] Espen Agdestein har spelt lite sjakk dei siste 15-20 åra, mest lagkampar for Oslo Schakselskap. Han har ikkje spelt rata parti etter 2012.

Espen Agdestein er bror til stormeister i sjakk Simen Agdestein.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre