Estados-øya (spansk Isla de los Estados, 'Delstatane si øy') er ei argentinsk øy i øygruppa Eldlandet, 30 km aust for Storøya i Eldlandet. Administrativt ligg øya under den argentinske provinsen Eldlandet. Øya er ikkje busett, men den argentinske marinen har ein aktiv marinebase på øya. Mannskapet på basen består av fire marinesoldatar.[1]

Isla de los Estados
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 54°47′S 64°15′W / 54.783°S 64.250°W / -54.783; -64.250

Areal 530 km²

Høgaste punkt Montes Bove (823 moh.)

Administrasjon
Land Argentina
provins Tierra del Fuego

Øya ligg lengst til høgre på kartet.

Urfolket på øya er yamanafolk, som budde på øyane sør for Storøya før europearar kom til regionen.[2]

Øya heimstad for store koloniar med pingvinar – magellanpingvin, klippehopparpingvin og kongepingvin – og sel.[1]

Det blei opna eit fyrtårn på øya 25. mai 1884, San Juan del Salvamento, betre kjent som Faro del fin del mundo eller ‘Fyret ved verdas ende’. Det skal ha inspirert Jules Verne si bok Le Phare du bout du monde, som kom ut i 1905.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 admin (19. november 2015), «Not the Staten Island You Know!», Quixote Expeditions (på engelsk), henta 17. oktober 2023 
  2. Anne Chapman (2010). European Encounters with the Yamana People of Cape Horn, Before and After Darwin. Cambridge University Press. s. 69. ISBN 978-0-521-51379-1.